Master i læring og tilpassa opplæring

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Master i læring og tilpassa opplæring

Studiepoeng
120 ( 90 dersom alle vilkår for fordjuping og praksis er oppfylte, sjå under Opptak)

Organisering
Studiet er firedelt:
- Fagleg fordjuping i eit skulefag – 30 studiepoeng.
Kan takast som deltid 1. og 2. semester. Er ikkje nødvendig dersom ein alt har nødvendig fordjuping.
- Fellesemne: Læring og tilpassa opplæring – 30 studiepoeng.
Emnet har to modular på 15 studiepoeng. Emnet går over 1. og 2. semester og kan takast som deltid.
- Vitskapsteori, forskingsmetode og statistikk – 20 studiepoeng, 3. semester
- Masteroppgåve – 40 studiepoeng, 3. og 4. semester

Det er og mogleg å gjennomføra masteroppgåva på deltid etter særleg avtale.



Innleiing

Studiet skal vera eit tilbod på masternivå for studentar og lærarar som ønskjer å fordjupa seg i lærarutdanning reint allment. Studiet legg stor vekt på å ta opp problemstillingar frå skulekvardagen. Opplæring i bruk av ikt som eige verktøy og som verktøy i skulen er eit viktig grunnlag i gjennomføringa av denne masterutdanninga
Studentane skal fordjupe seg innan skulefag/fagdidaktikk og læring og tilpassa opplæring. Det vert blandt anna lagt vekt på å kunne gjere seg nytte av eksisterande relevant spesialpedagogisk kunnskap knytta opp mot fagdidaktikken.
Studentane skal få omfattande kjennskap til vitenskapsteori og forskningsmetode i relasjon til aktuelle problemstillingar og opplæring i bruk av program innan dataanalyse. I studiet er det ei masteoppgåve som skal dyktiggjere studentane i vitskapleg metode og danne grunnlag for forskning.

Kompetanse / formell grad

Fullført studium gjev tittelen ”Master i læring og tilpassa opplæring” ved Universitetet i Oslo/Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet tek sikte på å gi brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping, vil den og kunna kvalifisera for arbeid i vidaregåande skule.

Målgruppe

- Personar som har fullført allmennlærarutdanning, eventuelt fullført 3 år av denne

- Lærarar med ein bachelorgrad av fag og eittårig praktisk-pedagogisk utdanning

For begge lærargrupper vil studiet tilby ytterlegare fordjuping innan eigen lærarutdanning med fokus retta mot feltet tilpassa opplæring.

Mål for studiet

Studiet skal byggja på dei læreplanane som til ei kvar tid gjeld for skuleverket og setja studentane i stand til å gjera skulen og skulekvardagen likeverdig, utviklande, moderne og inkluderande. Gjennom studiet skal studentane tileigna seg
- fagleg og fagdidaktisk kompetanse
- integrering av spesialpedagogisk kompetanse i den faglege og didaktiske komponenten
- kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetodar
- kunnskap om inkluderande og likeverdig utdanning
- kunnskap om innovasjon og skuleutvikling
- digital kompetanse, både gjennom eigne studiemetodar og ved å studera bruk av digitale verktøy i skulekvardagen

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptaksgrunnlag:
- Tre- eller fireårig allmennlærarutdanning
- Bachelor i allmennlærarutdanning etter rammeplan av 2003
- Treårig allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning + Praktisk-pedagogisk utdanning
Tilleggskrav:
1. Minimum 30 studiepoeng i eit av skulefaga norsk, matematikk, engelsk eller kroppsøving.
2. Fullført og greidd praksis frå grunnutdanninga
3. Karakteren C eller 2.7 rekna ut frå følgjande grunnlag:
For allmennlærarutdanninga:
Pedagogisk teori i lærararutdanninga (30 sp) + eitt skulefag på 30 sp + utvalde emne av eit omfang på 60 sp
For høgskuleutdanning med PPU:
Pedagogikk (30 sp) + eitt eller to skulefag med eit omfang på 90 sp
Pedagogikk (30 sp) + 90 sp fagleg fordjuping i bachelorgrad
Fullført masterstudium føreset 60 studiepoeng fordjuping i eit skulefag. Søkjarar som berre har 30 sp skulefag, må ta 30 sp fordjuping i same skulefag i 1. og 2. semester av masterstudiet.

Innhald / oppbygging

Emne 1: Fordjuping i eitt av skulefaga engelsk, norsk, matematikk eller kroppsøving
Emne 2: Fellesemnet ”Læring og tilpassa opplæring”
Emne 3: Vitskapsteori, forskingsmetode og statistikk
Emne 4: Masteroppgåva

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygt opp med førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentane vil møta varierte og problemorienterte arbeidsformer, som case-drøftingar, mindre øvingar, øving på eiga framføring, prosjektorganisering osv. Arbeidskrav (også obligatorisk) er viktige reiskapar i læringa. Det vert lagt vekt på å utvikla bruken av ikt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Alle studentar og lærarar skal vera tilknytte ei felles læringsplattform.

Varierte eksamensformer: mappevurdering, muntleg eksiminasjon, skriftleg individuell eksamen, semesteroppgåve og masteroppgåve.

Praksis

Det er ikkje praksiskrav i sjølve masterstudiet. Gjennomført praksis er eit kriterium for opptak

Studieopphald i utlandet

Er ikkje obligatorisk i studiet, men mogleg å ha som del av utdanninga

Sluttvurdering

Sjå emneomtalane

Pensum

Pensumlitteraturen går fram av dei ulike emneomtalane. Pensumlitteraturen i studieplanen vil bli endra og supplert undervegs. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend på nettsida til studiet seinast 15. februar i evalueringssemesteret.