Idrett, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Idrett, bachelorstudium

Studiepoeng
180

Organisering
Bachelorstudiet i idrett er eit heiltidsstudium over tre år.

Kompetanse / formell grad

Bachelorutdanning i idrett er ei avsluttande 3-årig utdanning som gir rett til tittelen bachelor i idrett. Studiet gir kompetanse både mot trenarverksemd i idrett, kroppsøvingsfaget i skulen, institusjonar og den kommersielle treningsbransjen.

Målgruppe

Målgruppe er studentar som ønskjer ei 3-årig utdanning med idrett som fordjuping og studentar som ønskjer å ta ei idrettsfagleg utdanning som kvalifiserer til etterfølgjande mastergradstudium i idrett og helse.
Studentar som har teke grunnfag idrett/årseining i kroppsøving ved andre høgskular kan innpassast på studiet. Studiet er bygd opp slik at det skal vere mogleg å innpasse delar av andre utdanningar med inntil 60 studiepoeng, til dømes idrettsfaglege studium frå utlandet. Studiet er bygd opp nær bachelorstudiet " Fysisk aktivitet og helse" ved Norges Idrettshøgskole.

Mål for studiet

Gi fagleg innføring og fordjuping som grunnlag for vidaregåande studium på mastergradnivå
- Gi faglege kvalifikasjonar, praktiske dugleikar og erfaring i å kunne planlegge, tilrettelegge, leie og gjennomføre fysisk aktivitet i samband med trenarverksemd i idretten, i skuleverket, og i individretta helsefremjande arbeid
- Gi innsikt i idretten sin plass i samfunnet, og i samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse
- Kvalifisere til ein yrkesfunksjon i den kommersielle treningsbransjen, institusjonar og skule

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse/realkompetanse

Innhald / oppbygging

Første og andre studieår inneheld idrettsfag tilsvarande 1. og 2. studieår i bachelorstudiet i idrett, fysisk aktivitet og helse, medan det tredje studieåret kan setjast saman av ulike emne tilsvarande 60 studiepoeng.

Innhaldet vert presisert under omtalen av kvart av studieåra.
1. studieår
Rørslelære, anatomi, motorikk (10 sp)
Treningslære (15 sp)
Idrett og samfunn (10 sp)
Undervisningslære, praksis (10 sp)
Aktivitetslære (15 sp)
2. studieår
Humanfysiologi og treningslære (15 sp)
Helse, kultur og samfunn (10 sp)
Førebyggjande fysisk aktivitet (10 sp)
Fordjupingsprosjekt (15 sp)
Folkehelsearbeid og helsepsykologi (10 sp)
3. studieår
Studenten kan sjølv setje saman modular tilsvarande 60 studiepoeng, til dømes 2. studieår Friluftsliv, historie, engelsk, studier i utlandet osv.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene går fram av omtalane av kvart av dei tre studieåra.

Praksis

Det er innlagt praksis i dei to første studieåra. Nærare omtale av praksis går fram av omtalane av kvart av dei tre studieåra.

Studieopphald i utlandet

Det er høve til studieopphald i utlandet i tredje studieår (6.semester). Høgskulen har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.

Arbeidskrav

Studiet inneheld arbeidskrav som går fram av omtalane av kvart av dei tre studieåra.

Det 3-årige bachelorstudiet i idrett inneheld fleire obligatoriske ekskursjonar/overnattingsturar som er definert som arbeidskrav. I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF betale ein eigendel. Sjå HSF sitt felles reglement for dekning av bu- og reiseutgifter til studentane: www.hisf.no/studadm/reglement/bu-reiseutgifter.htm

Sluttvurdering

Studiet inneheld mappevurderingar, prøver i praktiske ferdigheiter, munnlege og skriftlege eksamenar. Vurderingsformene går fram av omtalane av kvart av dei tre studieåra.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart og endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.