Vidareutdanning for allmennlærarar eller faglærarar, valfritt emne i allmennlærarutdanninga.
Studentar som har Kunst og handverk I frå og med rammeplan av 1999 vil få det innpassa som 15 studiepoeng i studiet. Desse studentane kan få godskrive arbeidskrav som er godkjent i Kunst og handverk I, på dette kurset.
Allmennlærarar eller faglærarar
Studentane skal utvikle eigen kunst- og handverksfagleg kompetanse og kunne ivareta den estetiske dimensjonen i skulen.
Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, praktisk-pedagogisk utdanning eller førskulelærarar med fullført PAPS)
Studiet inneheld følgjande arbeidsområde:
Visuell kommunikasjon, design, kunst, arkitektur, fagdidaktikk.
Innanfor desse områda vert det arbeidd med to- og tredimensjonale uttrykk.
Individuelt praktisk, skapande arbeid under rettleiing.
Førelesingar og demonstrasjonar.
Undervisning og arbeid i grupper av ulik samansetjing.
Fagteoretiske oppgåver. Sjølvstudium er ein vesentleg del. Det kan arrangerast korte ekskursjonar knytt til nærmiljøet. Eigenkostnad. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) blir nytta som arbeids- og læringsverktøy i studiet.
Studiet inneheld to veker praksis for studentar i 3. studieår i allmennlærarutdanninga.
Utprøving av faglege problemstillingar i skulesamanheng. Arbeidet i praksis skal vere tett knytt til innhald i studiet.
1. semester:
2 praktisk, skapande arbeid med portefølje knytt til to av dei fire hovudområda i faget i grunnskulen.
1 fagteorioppgave med utgangspunkt i eitt av dei to praktisk, skapande arbeid.
2. semester:
2 praktisk, skapande arbeid med portefølje knytt til dei resterande hovedområda i faget i grunnskulen.
1 fagdidaktisk oppgåve knytt til eitt av de fire hovedområda i faget i grunnskulen.
- Praksis, praksisførebuing og etterarbeid
Alle arbeidskrava er individuelle. Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva delar dette gjeld, går fram av semesterplanen .
Materialavgift
Studentane må betale den materialavgift som til ei kvar tid er bestemt av dekan.
1.semester:
FO351 002 Individuell, munnleg presentasjon av fagteorioppgåve for alle studentane på fagemne og skriftleg refleksjonsnotat.
Vekting: 40%
2.semester:
FO351001 Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i fagdidaktisk emne.
Individuell utstilling av 3 praktisk, skapande arbeid med portefølje.
Vekting: 60%
Førebels pensumliste skal liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen.