Musikk, MU300

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Musikk, MU300

Studiepoeng
30

Organisering
Studiet er organisert som deltidsstudium over eitt år.

Innleiing

I alle kulturar vi kjenner til, har musikk ein sentral plass. Lytting til og skaping av musikk er ei kjelde til glede og til oppleving av meining, identitet og kulturell tilhøyrsel. Musikkfaget i grunnskulen skal gje alle born og unge høve til å oppleve og ta del i musikk som kunstnarleg uttrykk, samfunnsuttrykk og samværsform.

Gjennom arbeidet med musikk i lærarutdanninga skal studentane tileigne seg fagleg og teoretisk kunnskap, praksiserfaring og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i grunnskulen. Dei må ha kjennskap til den musikalske kulturarven, til musikk som samfunnsfenomen og som pedagogisk reiskap. Dei skal også tileigne seg eit grunnlag for vidare fagleg vekst og for å kunne ta aktivt del i kultur- og skuleutvikling. Arbeidet med faget må omfatte dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i læreplanverket for grunnskulen.

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning/valfag.

Målgruppe

Lærarar. Valfag for 3. og 4.studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga.

Mål for studiet

Studenten skal

  • tileigne seg kunnskap om musikk frå ulike tider og i ulike kulturar og kjenne historia til musikkfaget
  • utvikle eigen kompetanse i song og ha eit variert repertoar av songar
  • kunne leike og danse og kjenne eit utval tradisjonelle og moderne leikar og dansar frå vår eigen og andre kulturar
  • kunne arrangere og leggje til rette musikalsk materiale
  • kunne bruke varierte klasseromsinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel
  • kunne leie samspel / samsong og akkompagnere unison og fleirstemt song
  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk og dans i samsvar med læreplanverket for grunnskolen
  • kunne leggje til rette for musikalsk utvikling hjå born og unge med ulike føresetnader og med ulik bakgrunn
  • kunne utøve samhandling og refleksjon ved å:
    - analysere og diskutere musikk med born og foreldre / føresette
    - reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget og kunne grunngje innhald og arbeidsmåtar i faget
    - analysere og vurdere eiga læring og sjå den i samanheng med læringa til elevane
    - ta del i fagleg utviklingsarbeid i musikk
Innhald / oppbygging

Musikk inneheld 5 hovudemne:

  • Musikkutøving
  • Høyrelære og musikkteori
  • Musikkskaping / Komponering
  • Musikkorientering
  • Fagdidaktikk

Arbeidet med målområda skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studenten sitt eige arbeid, faglege oppgåver og didaktisk refleksjon. I tillegg til å kunne utvikle seg vidare i musikkfaget, skal studiet gje studenten innsikt i dei faglege og pedagogiske føresetnader som må vere til stades for å kunne arbeide med musikk som klasselærar i grunnskulen, og høve til å kunne forstå musikken sin plass i skule, samfunns- og kulturliv og i oppdraginga.

Undervisnings- og læringsformer

skal gje røynsle med lytting, spel, song og dans og gje grunnlag for å kunne analysere røynslene og bruke dei i nye samanhengar. I studiet blir det lagt vekt på praktisk skapande og utøvande arbeid, både fagspesifikt og didaktisk.

Undervisninga vil gå føre seg i seminargruppe og mindre grupper/eventuelt individuelt. Studiet byggjer på studenten si eiga interesse for musikk, slik at han/ho skal kunne nytte musikk i sitt arbeid som klasselærar i grunnskulen.

Praksis

skal gje studenten røynsle med musikkundervisning og høve til å sjå og reflektere over musikken sin plass i skulen ved sida av å utvikle samarbeid mellom studentgruppe, faglærar og eventuelt øvingslærar. Dette skjer ved at studentane får høve til å prøve ut eigne opplegg i grunnskulen og at studentane får vere med å planleggje og gjennomføre eventuelle fellesopplegg.

Studiet inneheld to veker praksis for studentar som går 3.året i allmennlærarutdanninga.

Arbeidskrav
  • godkjend prøve i akkompagnementspel
  • skriftlege heimeoppgåver i musikkteori (1.semester)
  • godkjend prøve i musikkteori (etter 1.semester)
  • oppgåver i komponering og arrangering

For å bli oppmeld til eksamen, må det vere 80% oppmøte til all undervisning.

Sluttvurdering

MU300 001 Individuell skriftleg eksamen i musikkorientering
Eksamenstid: 5 timar
Vekting 30%

MU300 002 Gruppeeksamen i musikkutøving
48 timar førebuing
Vekting 40%

MU300 003 Individuell mappevurdering
Vekting 30%
Innhald:
Essay om musikkpedagogiske emne
Eigenutviklingsprosjekt (framføring og rapport)
Leiing av 10 songar og 6 dansar
Utval av arrangement og komposisjonar i partitur

Pensum

Bakke, Stein: Kreativ med musikk
Samlaget 1995

Benestad, Finn: Musikklære
Universitetsforlaget 2004
Benestad, Finn: Musikkhistorisk oversikt
Universitetsforlaget 2004

+ undervisningsmateriale på Fronter:

Hanken, Ingrid Marie og Geir Johansen: Musikkundervisningens didaktikk
Cappelen Akademiske forlag, Oslo 1998

Læreplan i musikk, Kunnskapsløftet (K-06)
Kunnskapsdepartementet 2006

Obligatorisk tilleggslitteratur:
Lyttepensum: 12 musikkverk/-fragment knytt til undervisninga i musikkorientering

Lærebøker i akkompagnementspel

Gravlie, Tom: Sang for alle
Gyldendal 1997