Rådgjeving

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Rådgjeving

Studiepoeng
30

Organisering
Deltidsstudium, organisert med samlingar og nettbasert undervisning

Innleiing

Rådgjeving er eit vidareutdanningstilbod bygt opp med to emner (15 + 15 studiepoeng). Studiet tek sikte på å kvalifisere til profesjonelt rådgjevings-/rettleiingsarbeid individuelt og i grupper.

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning, 30 studiepoeng for lærarar/ rådgjevarar

Målgruppe

Lærarar i grunn- og vidaregåande opplæring som har rådgjevingsoppgåver.

Mål for studiet

Gjennom studiet skal deltakarane:

  • tileigne seg innsikt i og kunnskap om utfordringar knytt til rådgjevarrolla
  • tileigne seg erfaring og trening i rådgjeving
  • kunne reflektere over eiga rolle som rådgjevar
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Lærarkompetanse og vere i stilling der ein har rådgjevaroppgåver.

Innhald / oppbygging

Emnebasert 15 + 15 stp.

Første del legg vekt på kunnskap om rettleiing/rådgjeving og utfordringar som rådgjevar har relatert til nye læreplanar/kunnskapsløftet. Studiet legg også vekt på trening i praktisk rådgjeving.

Andre del legg vekt på kunnskap om og trening i karriererettleiing. Dette emnet vil også fokusere på tverrfaglege- og fleirkulturelle utfordringar for rådgjevarane.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er organisert med regionsamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. På dei regionale og lokale samlingane vil deltakarane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer med tilhøyrande rettleiar- og deltakarrespons. Ein vil og skrive fagtekstar relatert til eigen arbeidsplass. IKT vert nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal. IKT skal understøtta læringa og samhandlinga både deltakarane seg i mellom og mellom deltakarane og høgskulen.

Arbeidskrav

Sjå emneomtalane

Sluttvurdering

Sjå emneomtalane

Pensum

Sjå emneomtalane