Study Programmes 07/08 / Study Programmes / FACULTY OF HEALTH STUDIES / INTERNATIONAL STUDY PROGRAMMES / Sjukepleie i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta PS101  

Sjukepleie i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta PS101

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Sjukepleie i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta PS101

Studiepoeng
30

Organisering
Studium på heiltid over eit semester.

Innleiing

Denne studieplanen er utarbeidd med utgangspunkt i Sjukepleie, bachelorstudium etter rammeplan 2004, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den vart vedteken av dekan for avdeling for helsefag i 2006. Ei revidert utgåve vart vedteken av dekan for avdeling for helsefag den 15. juni 2007.

Studiet vert tilbydd utvekslingssstudentar og omfattar sjukepleiefaglege emne i kommunehelsetensta og psykisk helsearbeid. Emnet har fokus på å tileigne seg sjukepleiekompetanse i høve til menneske med behov for helsehjelp på grunn av psykisk sjukdom, aldring, kronisk sjukdom og varige funksjonshemmingar. Emnet inkluderer praksis i psykisk helsearbeid og heimebaserte tenester.

Kompetanse / formell grad

Emnet inngår i bachelorgrad i sjukepleie.

Målgruppe

Utvekslingsstudentar fra andre sjukepleieutdanningar som ønskjer eit semester ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet vert undervist på norsk og høver for studenter frå dei nordiske land eller andre utvekslingsstudentar som kan norsk.

Mål for studiet

Studenten

  • Har kunnskap om sjukepleie som del av helse- og sosialtenesta, med vekt på eldre, kronisk sjuke og funksjonshemma og utøver sjukepleie på bakgrunn av forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap
  • Har kunnskap om sjukepleie i psykisk helsevern og utøver sjukepleie på bakgrunn av forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap
  • Har forståing for aktuelle faglege og vitskapsteoretiske problemstillingar, syner ei kritisk og analytisk haldning og tek del i endringsprosessar
  • Har handlingsberedskap til å leie og administrere sjukepleie overfor grupper av pasientar og medarbeidarar
  • Utøver sjukepleie i tråd med sentrale verdiar i sjukepleie og i helsetenesta og syner etisk vurderingsevne.
  • Samarbeider målretta med pasient, hans/hennar nettverk ogandre yrkesgrupper
  • Har kunnskap om korleis psykisk helsesvikt oppstår, psykiske lidingar, hovudtradisjonar og metodar i behandling
  • Har kunnskap om korleis helsesvikt og sjukdom ytrar seg hjå eldre
  • Har innsikt i korleis langvarig fysisk og psykisk helsesvikt verkar inn på den einskilde og pårørande sin livssituasjon
  • Etablerer og vidareutviklar relasjonar som bidreg til meistring hjå brukarar og deira familie i samband med akutt og langvarig helsesvikt
  • Kan dokumentere og evaluere eiga utøving av sjukepleie
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Studenten må ha fullført og greidd 90 studiepoeng av eit bachelorstudium i sjukepleie. I andre gradssystem vil det vere naudsynt med særskilt vurdering.

Innhald / oppbygging

1. Sjukepleien si historie, fagleg og vitskapleg grunnlag, yrkesetikk - 5 ECTS

  • Sjukepleien si historie i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta
  • Sjukepleien sitt vitskaplege og faglege grunnlag innan kommunehelsetenesta og psykisk helsearbeid
  • Ulikebehandlingssyn i psykisk helsearbeid
  • Sjukepleieteori og relevans for sjukepleiepraksis
  • Yrkesetikk, verdikonfliktar
  • Etiske dilemma og etisk refleksjon

2 Sjukepleiefaget og sjukepleiefunksjonen i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta – 20 ECTS

  • Kronisk sjukdom og langvarig funksjonssvikt – livsverdsperspektiv
  • Brukarmedverknad
  • Rehabilitering og habilitering
  • Individuelle planer og sjukepleiedokumentasjon som reiskap i sjukepleie til pasientar med langvarig funksjonssvikt, kronisk sjukdom og psykiske lidingar
  • Samarbeid medpårørande/nettverksarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Administrasjons- og leiaroppgåveri kommunehelsetenesta og psykisk helsearbeid
  • Vald – sjukepleieaspekt
  • Menneske med psykisk utviklingshemming i eit livsløpsperspektiv
  • Sjukepleiar sin funksjon i psykisk helsearbeid
  • Kommunikasjon og kontaktetablering/terapeutisk kommunikasjon
  • Individuell sjukepleie i psykisk helsearbeid, sjukepleiemetodar
  • Miljøterapi, institusjonsmiljø/heimemiljø
  • Fysisk aktivitet
  • ECT – behandling og sjukepleiar sine oppgåver
  • Sjukepleiar sine ansvar og oppgåver ved bruk av tvang og tvangsbehandling
  • Geriatrisk sjukepleie
  • Ernæring
  • Sjukepleiar sin funksjon i brukaren sin heim
  • Terminalomsorg i heimen
  • Sårbehandling
  • Praktiske sjukepleieferdighetar ved komplikasjonar og forhold som krev spesialisert overvaking og behandling i heimen
3. Sjukdomslære og farmakologi – 3 ECTS
  • Multippel patologi, endra sjukdomspresentasjon, endra sjukdomsforløp, psykiske og sosiale aspekt hos eldre
  • Psykiatrisk sjukdomslære m/medikamenthandtering; psykotiske tilstandar, stemningslidingar, nevrotiske lidingar, posttraumatisk stressliding, somatoforme lidingar, spiseforstyrringar, personlegdomsforstyrringar, sjølvmord og sjølvmordsforsøk
  • Rusmiddelproblematikk; ungdom og rus, rus og psykiske lidingar, førebygging og behandling
  • Legemiddelhandtering i sjukeheim og i heimetenestene
4. Stats og kommunalkunnskap, helse- og sosialpolitikk og juridiske rammer – 2 ECTS
  • Politiske, juridiske og organisatoriske rammer for psykisk helsearbeid/psykisk helsevern og kommunehelsetenesta
  • Kvalitetssikring og kvalitetsutvikling
Undervisnings- og læringsformer
  • Introduksjonsforelesningar
  • Studiegrupper med og utan rettleiing
  • Øvingar i gruppe med rollespel og bruk av video
  • Casebasert undervisning og gruppearbeid
  • Rettleiing på skriftlege oppgåver
  • Praksisstudiar
  • Skriftlege arbeid, rettleiing og respons frå lærar
  • Undervisning i delar av emnet kan føregå på engelsk
Praksis

8 veker praksisstudiar i psykisk helsearbeid
4 veker praksisstudiar i heimebaserte tenester

Arbeidskrav
  • Obligatorisk oppmøte til introduksjonsforelesingar
  • Obligatorisk deltaking i praksisretta undervisning (PU)
  • Arbeid med skriftlege oppgåver
  • Studiegrupper med og utan rettleiing
  • To medstudentresponsar på studiearbeid
  • Obligatorisk frammøte i praksisstudiar
Sluttvurdering

PS101 001 Praksis i heimebaserte tenester/omsorgsbustadar. Greidd/ikkje greidd.

PS101 002 Praksis i psykisk helsearbeid. Greidd/ikkje greidd.

PS101 Mappevurdering i psykisk helsearbeid og kommunehelseteneste.Individuell.
Bokstavkarakter

Arbeidsmappe: Fem skriftlege oppgåver innan kommunehelseteneste og psykisk helsearbeid.
Presentasjonsmappe: To av arbeida blir trekt ut til sluttvurdering, eit arbeid blir valt ut av studenten og eit av fagtilsette.

Ved karakteren F eller forbetring av mappe kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Akner, G (2006). Bedømming och behandling av nutritions –og undernutrtionstillstånd innom ældrevården. Nordisk geriatrisk nr. 4 (Kompendium)

Barth, T, Børtveit, T og Prescott, P (2001). Endringsfokusert rådgivning Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Kap. 9. (Kompendium).

Berge, T og Repål, A (2000). Den indre samtalen: Innføring i kognitiv terapi.Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Kap 1. (Kompendium).

Bodenheimer T, et al. (2002). Patient Self-management of Chronic Disease in Primary Care. The Journal of American medical Association (JAMA).2002; 288: 2469-2475. (Kompendium).

Bondevik, M og Nygaard, H (red) (2006). Tverrfaglig geriatri – en innføring. 2. utg Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 2,-3, 5-10, 12, 14, 17-19, 21.

Bredland, EL., Linge, OA. og Vik, K (2002). Det handler om verdighet. Ideologi og praksis i rehabiliteringsarbeid. 2. utg. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Bugge, C, Falch, J.A. (2004). Pasienten som kunnskapsleverandør. Tidsskriftet for Den norske lægeforening, nr.4, 2004; 124:513-4. (Kompendium).

Christensen, B. (2004). Sykepleiernes yrkesetikk svakkes av jussen. Sykepleien nr.8, 2004. (Kompendium).

Faulkner, A (1998). Å samtale med kreftpasienter og deres familier. Oslo: Tano Aschehoug. Kap. 8-9.

Falck, J. A og Bugge, C (200) Pasienten som kunnskapsleverandør? Tidsskrift for den norske Lægeforening nr. 4, 2004; 124; 513-4. (Kompendium).

Farvolden, P (m.fl.) (2005). Usage and Longitudinell Effectiveness of a Web-Based Self-help Cognitive Behavioral Therapy Program for Panic Disorder. Journal of medical intenet research 2005 (Mar 26); 7(1):e7. (Kompendium).

Gråwe, RW (2006). Forståelse og behandling av personar med alvorlege psykiske lidelser og rusmisbruk. I: Almvik, A. og Borge, L. (red). Psykisk helsearbeid i nye sko. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 8.(Kompendium).

Gürgen, M, Kaal,A og Witsø, E (2005): Diabetiske fotsår , Tidskrift for Norsk Lægeforening, 125, 899-902 (kompendium).

Hagen, K, Knudsen, L-B (2003): Hvorfor arbeide med eldres minner. I: Å huske og å minnes – to sider av samme sak. Rapport nr. 2/03, Nasjonalt Formidlingssenter i geriatri. (Kompendium).

Heap, K (2002). Samtalen i eldreomsorgen: kommunikasjon, minner, kriser. Kommuneforlaget,Kap. 1-2, 4 (s.80-105),5 -7,12,15.

Hjort, P (2000). Fysisk aktivitet og eldres helse – gå på! Tidsskrift Norsk Lægeforening nr. 24, 2000; 120; 2915-19. (Kompendium).

Hummelvoll, JK (2004). Helt ikke stykkevis og delt. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. 6 utgave, 1 opplag. Kap 1, 3, 4, 6, 7, 8, 9, 10 (til s 265),12, 14, 16, 18 .

Haaland, K. (2005). LØFT og narrativer i profesjonelle samtaler. Fra nederlag til trappetrinn.Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 3 og 5. (Kompendium).

Johannesen, A (2005). Hverdagslivet for svækkede gamle, Klinisk sygepleje. Nr.1. (Kompendium).

Kemper-Jørgensen, F, Almind, G (2003). Forebyggende sundhedsarbejde. Bakgrund, analyse, arbejdsmetoder. København: Munksgaard. Kap. 19. (Kompendium).

Kirkevold, M og Ekern, KS (2001). Familien i sykepleiefaget. Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap. 1, 2, 5-10.

Lemvik, B (2006) Å skape gode livsvilkår – Psykisk helsearbeid i kommunen, kap. 3. Oslo: Kommuneforlaget. (Kompendium).

Sosial og helsedirektoratet (2004). Kvalitet i pleie og omsorgstjenestene. Veileder til forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter kommunehelsetjenesteloven og sosialtjenesteloven.IS-1201. Kap. 1- 2.

Martinsen, EW.m. fl. (2004). Kropp og sinn: Fysisk aktivitet og psykisk helse. Fagbokforlaget. Kap.14-17, til s 153. (Kompendium).

Mehlum, L (red) (1999). Tilbake til livet. Selvmordsforebygging i teori og praksis Kristiansand: Høyskoleforlaget Kap. 8,10,11. (Kompendium).

Molven, O. (2003). Sykepleie og jus. Oslo: Gyldendal Akademiske. Kap. 6,7,8.

Mowe, M (2005). Men mat må de ha. I: Bjerkreim, T, Eilertsen, G, Nord, R (red). ”Eldre i en brytningstid”. Oslo Gyldendal Akademisk. (Kompendium).

Norvoll, R (2001). "Sosiale avvik og sosial kontroll". I: Brodtkorb, E, Norvoll, R, Rugkåsa, M (red.). Mellom mennesker og samfunn Oslo: Gyldendal Akademsk. Kap. 4. (Kompendium).

Nortvedt, P. (2000). Stadig på akkord. Sykepleien nr.14, 2000. (Kompendium).

Nystrøm- Huldt, T (2001) : Praktiske retningslinjer for den diabetiske fot. Who- retningslinjer omarbeidet til norsk. Norsk Interessegruppe for Sårheling

Nyttingnes, O og Skjerve, AG. (2005). "Hvis brukerne fikk bestemme…". I: Almvik, A. og Borge, L. (red). Psykisk helsearbeid i nye sko. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 13. (Kompendium).

Pfeiffer, R (2002). Sykepleier og leder. Bergen: Fagbokforlaget. Kap 4 og 7.

Rantz, MJ. og Zwygart Stauffacher, M (2004). "Back to the Fundamentals of Care. A Roadmap to Improve Nursing Home Care Quality". Journal of nursing care quality. Vol 19 no 2, s. 92-94. (Kompendium).

Røkenes, OH og Hanssen PH (2006). Bære eller briste: Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. Bergen:Fagbokforlaget. 2. utgave. Kap 1 – 7.

Sandvoll, A.M. (2006)."Urovekkande gode resultat". Tidsskriftet Sykepleien. Nr. 9. s. 63-64.(Kompendium).

Schanke, AK (2005). Vi – de andre og Oss. Kulturpsykologiske perspektiver på funksjonshemming med vekt på identitet og myndiggjøring. Tønsberg: Forlaget Aldring og Helse.

Snoek, JE og Engedal, K (2005). Psykiatri: kunnskap, forståelse, utfordringer. Oslo: Akribe. 2 utgave. Kap. 1-12,13.

Solheim, M og Aarheim, KA (2004). Kan eg komme inn? Verdiar og val i heimesjukepleie. Oslo: Gyldendal akademisk.

Solheim, M (2001). "Skal vi bry oss om skilnaden mellom Hyen og Byen?". I: Befring, E og Heggheim, S (red). Liv og læring på landsbygda. Oslo: Samlaget. s.15-30. (Kompendium).

Stamsø, MA (red) (2005). Velferdsstaten i endring, - norsk helse- og sosialpolitikk ved starten av et nytt århundre. Oslo. Gyldendal Akademisk. Kap 1, 10.

Sægrov, S og Lorentzen, M (2001). Kommunal oppfølging av personar med kreft. Vård i Norden. Nr. 4. s. 21-25. (Kompendium).

Øgar P og Hovland T (2004). Mellom kaos og kontroll.Ledelse og kvalitetsutvikling i kommunehelsetjenesten. Oslo: Gyldendal Akademisk. Kap.2. (Kompendium).

Tilrådd litteratur

Askheim, OP (2006). Å leve er mer enn å overleve - Funksjonshemmede med brukerstyrt personlig assistanse forteller. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Austrem, LM (2006). Hør,jeg har noe å fortelle - Om psykisk helsevern. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Birkeland, A og Kristoffersen, K (2004). Opplevelse av behov for hjelp hos psykiatriske pasienter som bor i egen bolig. Vård i Norden 4, vol.24, s.15-20.

Bondevik, M (2000). De eldste eldre – erfaringer og refleksjoner.Oslo:Gyldendal Akademisk.

Grue, L (2004). Funksjonshemmet er bare et ord. Forståelser, fremstillinger og erfaringar. Oslo: Abstrakt Forlag.

Hegerstrøm, T (2002). Om relasjoner i hjemmetjenestene. Oslo: Universitetsforlaget.

Hummelvoll, JK (2004). Helt - ikke stykkevis og delt Gyldendal Norsk Forlag. 6 utgave. 1 opplag. Kap 11.

Ingeberg, M.H, Tallaksen, D.W, Eide, B. (2006) Mentale knagger. En innføring i psykiske helsearbeid. Akribe (2006)

Lauvås, K og Lauvås, P (2005). Tverrfaglig samarbeid: Perspektiv og strategi. 2. utg.Oslo: Universitetsforlaget.

Lemvik, B (2006) Å skape gode livsvilkår – Psykisk helsearbeid i kommunen. Oslo: Kommuneforlaget

Magnusson, L (2005). Designing a responsive support service for family carers of frail older people using information and communication technology. Doctoral thesis, Göteborg University, Studies in educational sciences 231.

Nilssen, E (2006). Omsorg for de annerledes svake - Et overvåket hverdagsliv. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Normann, T, Tveit Sandvin, J., Thommesen, H. (2003). Om rehabilitering. Mot en helhetlig og felles forståelse. Oslo:Kommuneforlaget.

Repstad , P (red) (2004 ). Dugnadsånd og forsvarsverker : tverretatlig samarbeid i teori og praksis. 2. utg. Oslo: Universitetsforlaget.

Smebye, KL og Hotvedt, K (1999). Fra fortvilelse til forståelse. Påpårørendegrupper,samarbeid mellom frivillige og kommunen: et eksempel fra Østfold. Pårørendeskolen : kurs for pårørende til aldersdemente. Sem: Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens, INFO-banken.

Thommesen, H, Normann, T og Sandvin, JT (2003). Individuell planEt sesam, sesam? Oslo: Kommuneforlaget.

Lubkin, IM og Larsen, PD (2005). Chronic illness : impact and interventions. 6. ed. Boston: Jones and Bartlett.

Clarke, G, Reid, E, Eubanks, D (m.fl.) (2002). "Overcoming Depression on the Internet (ODIN): A Randomized Controlled Trial of an Internet Depression Skills Intervention Program". Journal of Medical Internet Research. ISSN: 1438-8871. Web-adresse: http://www.jmir.org/2002/3/e14/