Tilsette i kommunal, fylkeskommunal, statleg eller privat verksemd som har arbeidsoppgåver knytt til rusproblematikk. Arbeidsoppgåvene bør primært vere retta mot førebyggande arbeid, men dei kan også vere innan planlegging og iverksetting av ulike typar tiltak i nærmiljø.
Vidareutdanninga skal gje kunnskap om rusfeltet generelt, og gje grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i arbeidet med rusproblematikken i forhold til individ, grupper og nærmiljø.
3-årig grunnutdanning innan helse-/sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, eller anna relevant 3-årige høgskule- eller universitetsutdanning og eit års relevant praksis. Realkompetanse.
Deltidsutdanning over 2 år. Studiet er sett saman av to delar, kvar med 30 studiepoeng. I første del er 21 studiepoeng felles med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Det vert lagt opp til fem vekesamlingar per semester.
Studiemodell:
|
1. år - del 1 - 30 studiepoeng
|
2.år - del 2- 30 studiepoeng
|
|
*Bolk 1(12 sp): Mennesket, psyskiske lidingar/avhengighet og det sosiale miljø
|
Bolk 1(12 sp): Psykologisk grunnforståing/etikk
|
|
*Bolk 2 (9 sp): Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
|
Bolk 2 (12 sp): Førebyggande arbeid/juss
|
|
Bolk 3 (9 sp): Forskningsmetode. Kunnskap om rus og rusmiddelsmisbruk. Samfunnsmessig grunnlagsforståing
|
Bolk 3 (6 sp): Observasjonspraksis/prosjektoppgåve
|
* Felles undervisning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, AHF
Studiet er deltidsstudium der kvar einskild er i praksisfeltet mellom undervisningsperiodene. Arbeidsmetodane i studiet skal avspegle dette, slik at studentane har høve til å reflektere over eigen praksis og integrering av teori og praksis vil bli i fokus. Det vert forventa at studentane tek med erfaringar frå eigen praksis til undervisninga.
Undervisningsformene vil veksle mellom førelesningar, retteleiing, gruppearbeid, rollespel, ferdigheitstrening og seminar. Det vert forventa stor grad av sjølvstudium frå studenten si side.
Observasjonspraksis, 6 studiepoeng. Studentane vel sjølv tema for sin observasjon.
Godkjende arbeidskrav er føresetnad for å få sluttvurdering/ta eksamen. For å få godkjent deltaking i undervisning må ein ha tatt del i minimum 80% av obligatoriske tema/område. I tillegg er gjennomført og godkjend observasjonspraksis eit arbeidskrav.
Det vert nytta ulike vurderingsformer som individuell, skriftleg skuleeksamen, individuell oppgåve med rettleiing og individuell, munnleg eksamen (Sjå under kvar emneomtale). Kvart emne i vidareutdanninga har eiga sluttvurdering.
Oversikt over pensum vil bli delt ut ved semesterstart kvart studieår. Pensum er på ca 4000 sider og studentane vel sjølve ca 400 av desse.