Study Programmes 07/08 / Study Programmes / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / Social Education and Child Welfare Work - Bachelor Programme (from autumn term 2006)  

Social Education and Child Welfare Work - Bachelor Programme (from autumn term 2006)

Skriv ut Utskrift med emner
Title
Social Education and Child Welfare Work - Bachelor Programme (from autumn term 2006)

ECTS Credits
180

Organisation
Full time

Introduction

Denne studieplanen gjeld for studentar som blir teke opp ved studiet frå og med hausten 2006.

RAMMEPLANEN
Studieplanen for barnevernpedagogutdanninga er regulert av rammeplan og forskrift fastsett av Utdannings- og forskningsdepartementet 1. desember 2005. Rammeplanen er nasjonal og skal vere retningsgivande for høgskulane si tilrettelegging av studiet. I rammeplanen er det ein generell del og ein studiumspesifikk del. Den generelle delen er felles for fleire utdanningar i helse- og sosialfag. Denne delen utgjer 30 studiepoeng. I tillegg er det 30 studiepoeng felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane. Dei tre utdanningane ved Avdeling for samfunnsfag har såleis om lag 60 studiepoeng felles.

Dei siste 20 åra har vore prega av store helse- og sosialpolitiske reformer som mellom anna har auka behovet for tverrfagleg kompetanse. Eit utdanningspolitisk mål for høgskulesektoren er auka samordning av sosialarbeidarutdanningane. (Rammeplan og forskrift for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane).

VERDIAR
Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga, og utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for eigenverdien til mennesket og solidaritet med dei svake står sentralt.

MÅLSETJING
Helse- og sosialfagutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukar og andre tenesteytarar. Studentane skal etter endt utdanning vere i stand til å utføre etisk forsvarleg arbeid.

FELLES INNHALDSDEL
Felles innhaldsdel skal medverke til å danne felles haldningar og ferdigheiter, samt å gi forståing for felles referanseramme i yrkesutøvinga. I følgje rammeplanane skal felles innhaldsdel medverke til å utdanne yrkesutøvarar som:
- i sitt arbeid tar utgangspunkt i brukarane sine behov, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld
- ha evne til å reflektere over og grunngi arbeidet sitt i forhold til overordna faglege og etiske perspektiv, og som kan sjå si eiga yrkesrolle i eit kritisk lys
- tar medansvar for tilbakemelding til faglege og politiske styresmakter om årsaker til hjelpebehov, og om verknader av tiltak og uheldige samfunnsforhold
- har kunnskap om andre yrkesgrupper, og som kan vurdere eigen og andre sin kompetanse i konkrete samarbeidssituasjonar.

FELLESEMNE
Følgjande fag er delvis felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane:
- psykologi
- jus
- vitskapsteori og forskingsmetode
- etikk
- organisasjonsteori
- sosialpolitikk
- stat- og kommunalkunnskap
- sosiologi
- levekår
- sosialantropologi
- kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
- tverrfagleg samarbeid.

SKIKKAVURDERING
Studentar som tek til på barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudium etter 1. august 2006 vert omfatta av Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Degree Awarded

Bachelor i barnevern (barnevernpedagogutdanning).
Barnevernpedagogen sin spesielle kompetanse har fokus på barn og unge sin familiesituasjon og nærmiljø. Barnevernpedagogar arbeider med vilkår for utvikling hos barn og unge som har det vanskeleg, og utdanninga kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan sosialarbeidarfeltet. Oppgåvene omfatter både førebyggjande og direkte brukarretta arbeid, samt sakshandsaming og oppfølging av saker i barneverntenesta.

Target Group

Barnevernpedagogutdanninga i Noreg er ei sosialarbeiderutdanning retta mot barn og unge og deira føresette. Målgruppa er dei som har interesse for å jobbe med barn og unge i utsatte livssituasjoner.

Objectives

Det sentrale i utdanninga er å ha fokus på oppseding og læring i eit samfunnsmessig perspektiv. Studenten skal få trening i å tilretteleggje for optimale oppvekstvilkår gjennom omsorg og oppseding. Studenten skal lære å ha barnet og den unge i fokus i sitt arbeid. Dette gjeld også når arbeidet vert retta mot den unge sine omgivnader og familie.

Høgskulen skal mellom anna:
– leggje til rette for at studenten tileigner seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar som barnevernpedagog, basert på det fremste innan forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
– tilby eit læringsmiljø som fremjer studenten sitt faglege engasjement, deltaking og personlege utvikling, samt fremjer studenten si evne til kritisk refleksjon
– vere i dialog med praksisfeltet, brukarorganisasjonane og forsking innan fagområdet.

Studenten skal etter avslutta utdanning mellom anna:
– ha kunnskap om og forståing for samanhengen mellom samfunnsmessige strukturar/prosessar og sosiale/psykososiale problem
– ha kunnskap om generelle forvaltningsmessige prinsipp, kjenne lover som omhandler barn og unge, og kunne utføre sakshandsaming som ivaretek barn og unge sine behov og rettar
– ha kjennskap til hovudmål og verkemiddel i barne- og ungdomspolitikken, kunne vurdere desse kritisk og kunne verke som premissleverandør for vedtak i hjelpeapparatet og overfor politiske styresmakter
– kunne arbeide fagleg i barn og unge sine miljø, inkludert ulike institusjonar der barn og unge oppheld seg
– kunne arbeide med menneske med ulike realitetsoppfatningar og ha evne til yrkesutøving i fleirkulturell kontekst
– kunne delta i fagleg utviklingsarbeid, ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking og annan fagleg innovasjon, samt ha forståing for det viktige i eiga personleg og fagleg utvikling
– kunne dokumentere, kvalitetsutvikle og evaluere arbeidet sitt.

Admission Requirements

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Contents

Bachelorstudiet i barnevern er delt inn i 13 emne, kvart med avsluttande eksamen. Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet. Det første året består av 4 emne; ”sosialpedagogisk introduksjon”, ”velferdssamfunnet”, ”psykologi, pedagogikk og forskningsmetode” og ”sosialpedagogisk arbeid”. Desse emnene skal gi studenten eit innblikk i grunnleggende problemstillingar og dei ulike faga som utdanninga byggjer på. Det er ein kort praksisperiode i emnet "sosailpedagogsik arbeid" der studenten skal få innblikk i kvardagen som barn har i institusjonar som barnehage og SFO. Det andre året består av 4 emne; ”miljøarbeid og drama”, ”avvik og forebygging”, ”arbeid med barn og familiar i barnevernet” og ”praksis”. Det andre året er fokus retta mot det anvendte aspektet i faga, og studenten skal trene seg i å knyte teori til praksis. Praksisperioden er lagt til det 4. semesteret og den skal vere klientretta. Det tredje året er set saman av 5 emne; ”levekår og psykiatri”, ”feltarbeid”, ”ungdomskultur og skulemiljø”, ”bacheloroppgåve” og ”profesjonsutøving”. Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde og studenten skal få trene seg i å integrere dette i arbeidet med bacheloroppgåva og det avsluttande emnet ”profesjonsutøving”. Studenten kan få tilbod om å ta ein del av det tredje studieåret ved høgskule/universitet i utlandet.

STUDIEMODELL

Barnevern 1. studieåret

Barnevern 2. studieåret

Barnevern 3. studieåret

Haust

Vår

Haust

Vår

Haust

Vår

Sosialpedagogisk introduksjon

10 sp

Psykologi, pedagogikk

og forskingsmetode
15 sp

Miljøarbeid og drama

10 sp

Praksis

30 sp

Kvalitativ metode

og kulturforståing

10 sp

Bacheloroppgåve
15 sp

Velferdssamfunnet

20 sp

Sosialpedagogisk arbeid

15 sp

Arbeid med barn og familier i barnevernet

10 sp

 

Levekår og psykiatri

10 sp

Profesjonsutøving

15 sp

   

Avvik og førebygging

10 sp

 

Ungdomskultur

og skulemlijø

10 sp

 

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

Teaching Methods

Det vil bli nytta ulike undervisningsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, prosjektarbeid, praksisstudium og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike emnene. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Studentane skal lære å skrive akademisk, og dei skal gjennom skriftlege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, strukturering og formidling av kunnskap.

Work Experience Placement

Praksisopplæringa er ein sentral del av sosialarbeidarutdanningane. Praksisstudia skal medverke til at studentane auker forståinga si for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Barnevernpedagogstudentane skal ha 36 studiepoeng praksis; 6 studiepoeng observasjonspraksis første studieåret, og 30 studiepoeng klientpraksis vårsemesteret andre studieåret.

Period of Study Abroad

Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret 3. studieåret ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Del av praksis 2. studieåret kan eventuelt takast i utlandet.

Course Requirements

For å få godkjent deltaking i undervising (gjeld også observasjonspraksis, praksisførebuing og praksissamlingar), må ein ha tatt del i min. 80% i kvar undervisingsbolk/kvart tema med krav til deltaking, og fått godkjent evt. tilhøyrande oppgåver. I enkelte emne er det krav til deltaking i alle undervisingsbolkar/tema, medan det i andre emne gjeld enkelte bolkar.

Samtlige arbeidskrav må vere godkjende før ein kan få sluttvurdering/ta eksamen.

Assessment

Studenten skal i løpet av dei tre studieåra vurderast mellom anna på grunnlag av skriftlege arbeid som dei jobber med over tid, gruppeframlegging, tradisjonell skuleeksamen, bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Det blir lagt vekt på varierte vurderingsformer.

Lovlege hjelpemiddel: Skriftleg skuleeksamen: ordliste, lovsamling/særtrykk med kryssreferansar og understrekingar, samt lovforskrifter utan kommentarar. Munnleg eksamen: Lovsamling utlevert av Høgskulen.

Karakterar: Godkjend/ikkje-godkjend på nokre av emneeksamenene og bokstavkarakterar på resten (sjå omtale av dei ulike emna).

Oppflyttingskrav: Det blir stilt krav om at alle emne kvart studieår skal vere greidd før ein kan gå vidare på neste studieår. I tillegg skal enkelte emne vere greidd før ein tek til med praksis andre året og dei avsluttande emna i vårsemesteret tredje året. Sjå omtale av dei ulike emna.

Reading List

Pensum er på ca. 4000 sider kvart studieår. Andre studieåret skal studenten sjølv velje 600 sider
pensum knytt til praksis, og tredje studieåret 400 sider knytt til bacheloroppgåva. Alt sjølvvalt pensum skal godkjennast av høgskulen.

Obligatoriske emne Bachelor i barnevern
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
BVP5-100 Introduction to social pedagogy 10.00 O 10          
BSV5-100 The welfare society 20.00 O 20          
BV5-100 Psychology, pedagogy and research
methods
15.00 O   15        
BVP5-101 Social pedagogical work 15.00 O   15        
BVP5-200 Social preventive work and drama 10.00 O     10      
BVP5-201 Social deviation and preventive work. 10.00 O     10      
BS5-200 Working with families and children in
the child welfare service
10.00 O     10      
BVP5-202 Child welfare practice 30.00 O       30    
BVP5-300 Cultural understanding and qualitative
research methods.
10.00 O         10  
BVP5-301 Living standards. Psychiatry.
Organization theory.
10.00 O         10  
BVP5-302 Youth culture and the educational
environment in primary and secondary
education.
10.00 O         10  
BVP5-303 Child welfare bachelor thesis 15.00 O           15
BVP5-304 Child welfare training 15.00 O           15
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course