Study Programmes 07/08 / Study Programmes / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / Social Educator - Bachelor Programme (from autumn term 2006)  

Social Educator - Bachelor Programme (from autumn term 2006)

Skriv ut Utskrift med emner
Title
Social Educator - Bachelor Programme (from autumn term 2006)

ECTS Credits
180

Organisation
Full time

Introduction

Denne studieplanen gjeld for studentar som blir teke opp ved studiet frå og med hausten 2006.

RAMMEPLANEN
Studieplanen for vernepleiarutdanninga er regulert av Rammeplan og Forskrift, fastsett av Utdannings- og forskningsdepartementet 1. desember 2005. Rammeplanen er nasjonal og skal vere retningsgjevande for høgskulane si tilrettelegging av studia. I rammeplanen er det ein generell del og ein studiespesifikk del. Den generelle delen er felles for fleire utdanningar i helse- og sosialfag. Denne delen utgjer 30 studiepoeng. I tillegg er 30 studiepoeng felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleieutdanningane. Dei tre utdanningane ved Avdeling for samfunnsfag har om lag 60 studiepoeng felles.

VERDIAR
Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga, og utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for eigenverdien til mennesket og solidaritet med dei svake står sentralt.

MÅLSETJING
Helse- og sosialfagutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planlegge og organisere tiltak i samarbeid med tenestemottakarar og andre tenesteytarar.

FELLES INNHALDSDEL
Felles innhaldsdel skal medverke til å danne felles haldningar og ferdigheiter, samt å gi forståing for felles referanseramme i yrkesutøvinga. Ifølgje rammeplanane skal felles innhaldsdel medverke til å utdanne yrkesutøvarar som:

  • i sitt arbeid tek utgangspunkt i brukarar sine behov, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld
  • ha evne til å reflektere over og grunngi arbeidet sitt i høve til overordna faglege og etiske perspektiv, og som kan sjå si eiga yrkesrolle i eit kritisk lys
  • tek medansvar for tilbakemelding til faglege og politiske styresmakter om årsaker til hjelpebehov, og om verknader av tiltak og uheldige samfunnstilhøve
  • har kunnskap om andre yrkesgrupper, og som kan vurdere eigen og andre sin kompetanse i konkrete samarbeidssituasjonar

FELLESEMNE
Følgjande fag er delvis felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane:psykologi

  • pedagogikk
  • jus
  • vitskapsteori og forskingsmetode
  • etikk
  • organisasjonsteori
  • sosialpolitikk
  • stat- og kommunalkunnskap
  • sosiologi
  • levekår
  • sosialantropologi
  • kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
  • tverrfagleg samarbeid.

SKIKKAVURDERING
Studentar som tek til på barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudium etter 1. august 2006 vert omfatta av Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Degree Awarded

Bachelor i vernepleie.

Vernepleiaren sin kompetanse er innan miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, og pleie og omsorg. Vernepleiarar er offentleg godkjent helsepersonell og kan arbeide innan både helse- og sosialtenesta.

Vernepleiarar har kunnskap om tilretteleggjing for brukarar med samansette funksjonsvanskar. Utfordringar knytt til psykisk utviklingshemming er sentralt i utdanninga. Vernepleiaren sin kompetanse er også viktig i arbeid med andre brukargrupper, som personar med fysiske funksjonshemmingar og psykiske lidingar, og eldre.

Vernepleiaren sitt arbeidsområde er i hovudsak miljøarbeid innan den kommunale helse- og sosialtenesta. Ein stor del av arbeidet vert utført heime hjå tenestemottakarar. Arbeidet vert utført i nært samarbeid med brukarar, pårørande, nærmiljø og andre yrkesgrupper. Vernepleiarar arbeider også med opplæring og tilretteleggjing innan barnehage, skule, fritid og sysselsetjing.

Target Group

Målgruppa for studiet er personar som har interesse for å arbeide systematisk med tilretteleggjing for og opplæring av personar med samansette funksjonsvanskar. Vernepleiaren har fokus på faktorar som er til hinder for livsutfolding til personar som har trong for langvarig hjelp. I tillegg vert opplæring og utviklingstiltak som aukar brukarar sin kompetanse vektlagt.

Utdanninga kvalifiserer for varierte oppgåver innan helse- og sosialsektoren. Vernepleiaren arbeider tett saman med brukarar og pårørande, samstundes som rolla som pådrivar overfor offentlege etatar og styresmakter er viktig å ivareta.

Objectives

Vernepleiarutdanninga er ei treårig helse- og sosialarbeidarutdanning som fører fram til offentleg godkjenning som vernepleiar (helsefagutdanning). Den er retta inn mot å yte tenester til ulike grupper funksjonshemma med samansette funksjonsvanskar, og eldre. Vernepleiaren skat utifrå brukaren sine behov medverke til å fremje brukaren sine interesser og deltaking i samfunnet, slik at almenne og spesielle rettar vert ivaretekne. Vernepleiaren skal i samarbeid med brukaren fremje medverknad og brukarstyring. Eit sentralt mål for vernepleiarar er å medverke til auka livskvalitet og trivsel for brukarar.

Gjennom vernepleiarstudiet skal studentane mellom anna:

  • tileigne seg kunnskap om forståing for samanhengen mellom samfunnsmessige strukturar/prosessar og livssituasjonen til brukarar
  • tileigne seg kunnskap om normalutvikling og utviklingsforstyrringar, og ha kunnskap om funksjonshemmingar av fysisk, psykisk og sosial art
  • få kunnskap om organisering av miljø og bruk av metodar som førebyggjer bruk av tvang og makt i arbeid med personar med utfordrande åtferd
  • ha kunnskap om generelle forvaltningsmessige prinsipp og kjennskap til aktuelt lovverk
  • ha kunnskap om hovudmål og verkemiddel i sosialpolitikken, kunne vurdere desse kritisk og verke som premissleverandør for avgjerder i hjelpeapparatet, og overfor politiske styresmakter
  • ha kompetanse til å identifisere brukarar sine ressursar og utfordringar, og i samarbeud med brukaren kunne iverksetje ulike miljø-, habiliterings- og rehabiliteringstiltak, og vere i stand til å yte pleie og omsorg der brukaren sjølv ikkje kan ivareta sine grunnleggjande behov
  • kunne arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnader, og handtere slike konfliktar med fokus på brukarar sine interesser
  • kunne samarbeide både med brukarar, familiar og faginstansar med sikte på å gi best mogeleg tilbod til brukaren basert på brukarmedverknad og brukarstyring
  • tileigne seg forståing for det som er viktig i eiga personleg og fagleg utvikling, og kunne ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking.
Admission Requirements

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Contents

STUDIUMSPESIFIKK DEL – BACHELOR I VERNEPLEIE
(3-årig vernepleiarutdanning)

Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde og det er eit sentralt mål gjennom studiet å kunne integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga med praksiskunnskapar. Studiet er bygd opp med 12 emne som reflekterer progresjonen i studiet. Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet.

Gjennom dei første emna skal studenten få overblikk over dei ulike faga sine tenkjesett og metodar, og ha ein kort prosjektpraksisperiode som gjev innblikk i arbeidsområda til vernepleiarar. Studenten skal tileigne seg denne kunnskapen gjennom ulike læringsmetodar som mellom anna inneber ein stor grad av eigenaktivitetar.

I det andre året er fokus meir retta mot det anvendte aspektet i faga, og studenten skal trene seg i å knyte teori til praksis. Det er to brukarretta praksisperiodar dette året.

Det tredje året blir ei vidareføring av dei to første åra. Studenten har ein stor del med valfri fagleg fordjuping i form av valfri brukarrelatert praksisperiode og skriving av ei bacheloroppgåveoppgåve. Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret ved høgskule/universitet i utlandet.

STUDIEMODELL

Vernepleie 1. studieåret

Vernepleie 2. studieåret

Vernepleie 3. studieåret

Haust

Vår

Haust

Vår

Haust

Vår

Innføring i vernepleiefaget

10 sp

Psykologi,pedagogikk og forskingsmetode
15 sp

Vernepleiefagleg

arbeid og helse II
15 sp

Målretta miljøarbeid

15 sp

Samarbeid,

kvalitetssikring

og feltarbeid

15 sp

Bacheloroppgåve

15 sp

Velferdssamfunnet

20 sp

Vernepleiefagleg arbeid og helse I
15 sp

Praksis

Helsefag
15 sp

Praksis
Miljøarbeid

15 sp

Praksis

Valfritt fagområde

15 sp

Utøving av vernepleiefagleg
arbeid

15 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

Teaching Methods

Det vil bli nytta ulike undervisningsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Studentane skal lære å skrive akademisk, og dei skal gjennom mappeoppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, strukturering og formidling av kunnskap.

Det er obligatorisk deltaking i delar av undervisninga, jfr. "Arbeidskrav" og omtalane av dei ulike emna.

Work Experience Placement

Praksisopplæringa er ein sentral del av vernepleieutdanninga. Kvar praksisperiode inkluderer praksisførebuing og -oppsummering ved Høgskulen. Praksisstudia skal medverke til at studenten auker forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og praksiskunnskapar. Praksisopplæringa er planlagt og målretta, og studentane skal ha rettleiing som ein del av praksisopplæringa, der studentane si fungering og meistring vert vurdert jamnleg.

Vernepleiestudentane har 32 veker praksis direkte med brukarar (48 studiepoeng) som vert fordelt på alle tre åra. I tillegg har studentane innføringspraksis over 3 veker og ferdighetstrening.
1. studieår: 3 veker innføringspraksis
2. studieår: 11 veker helsefagpraksis innan pleie- og omsorg.
2. studieår: 11 veker praksis innan miljøarbeid (trening, opplæring, stimulering) med psykisk utviklingshemma.
3. studieår: 10 veker praksis innan valfritt fagfelt. (Praksis skal godkjennast på førhand av Høgskulen).

Studenten får tilskot til utgifter i samband med brukarretta praksis. Jfr. Felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Period of Study Abroad

Studiet er lagt til rette for at studenten kan få høve til å ta 5. semester ved høgskule/universitet i utlandet. Vernepleiarutdanninga har p.t. avtale med Augsburg College, Minneapolis (USA) og Fyn pædagogseminarium, Odense (Danmark). Det vert arbeidd med å inngå avtale med fleire institusjonar.

Course Requirements

For å få godkjent deltaking i obligatorisk undervisning må ein ha teke del i minimum 80% i kvar undervisingsbolk/kvart tema, og fått godkjent tilhøyrande oppgåver. I enkelte emne er det krav til deltaking i all undervising, medan det i andre gjeld enkelte bolkar. Samtlege arbeidskrav må vere godkjende før ein kan ta eksamen i emnet.

Assessment

Studenten skal vurderast i kvart emne med ulike ekamensformer.

Lovlege hjelpemiddel:
Skriftleg skuleeksamen: ordliste, lovsamling/særtrykk med kryssreferansar og understrekingar, samt lovforskrifter utan kommentarar. Felleskatalogen og enkel kalkulator.
Munnleg eksamen: Lovsamling utlevert av Høgskulen.

Karakterar:
Bokstavkarakterar eller godkjent/ikkje godkjent

Oppflyttingskrav:
Det blir stilt krav om at alle emne kvart studieår skal vere greidd før ein kan gå vidare på neste studieår. I tillegg skal enkelte emne vere greidd før ein tek til med praksis og dei avsluttande emna i vårsemesteret tredje året. Sjå omtale av dei ulike emna.

Reading List

Pensum er på om lag 4000 sider kvart studieår. I tilknyting til dei brukarretta praksisperidodane skal studenten sjølv velje 300 sider pensum, samt 400 sider knytt til bacheloroppgåva. Alt sjølvvalt pensum skal godkjennast av høgskulen.

Obligatoriske emne i Bachelor i vernepleie
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
VPL5-100 Introduction to the social educator
profession
10.00 O 10          
BSV5-100 The welfare society 20.00 O 20          
BV5-100 Psychology, pedagogy and research
methods
15.00 O   15        
VPL5-101 Social educational work. Anatomy,
medicine and pharmacology.
15.00 O   15        
VPL5-200 Social educational work. Medication,
first aid and geriatrics.
15.00 O     15      
VPL5-201 Health care practice 15.00 O     15      
VPL5-202 Working with individuals in their
environment.
15.00 O       15    
VPL5-203 Placement. Observing, analysing and
assisting individuals.
15.00 O       15    
VPL5-300 Interaction, quality assurance and field
work
15.00 O         15  
VPL5-301 Practice. Optional placement within the
field of social education.
15.00 O         15  
VPL5-302 Bachelor thesis in social education 15.00 O           15
VPL5-303 Social educational training 15.00 O           15
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course