Namn på studiet
Landskapsplanlegging, bachelorstudium
Studiepoeng
180
Organisering
Heiltid
Innleiing
Det 3-årige bachelorstudiet i landskapsplanlegging ved HSF er primært ei sjølvstendig yrkesutdanning, men det kan og danne grunnlag for ein mastergrad ved andre høgskular og universitet. Studiet gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer naturfag med samfunnsfag. Det første studieåret gjev innføring i grunnleggjande naturfaglege emne. I andre og tredje året er det lagt stor vekt på yrkesretta planleggings- og forvaltningsfag. I tredje året skal studentane skrive ei kandidatoppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar på aktuelle problemstillingar innan landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel og / eller kulturminneforvaltning. Det er lagt til rette for eit semesters studium ved universitet eller høgskular i utlandet i andre studieår og etablert samarbeidsavtaler med utanlandske universitet. Studiet gjev grunnlag for opptak til mastergradspåbygging i fysisk planlegging ved NTNU. Det gjev også grunnlag for opptak til fleire andre mastergradstudium.
Kompetanse / formell grad
Fullført studium gir rett til vitnemålet "Bachelorgrad i landskapsplanlegging". Studiet kan og danne grunnlag for ein mastergrad ved andre høgskular og universitet.
Målgruppe
Bachelorprogrammet har følgjande målgrupper:
- Personar som ønskjer ei kortare og fleksibel yrkesutdanning som gjev kompetanse i arealplanlegging og forvaltning av natur- og kulturlandskap
- Personar som ønskjer ei tverrfagleg utdanning som kan nyttast i kombinasjon med ulike vidare studium ved universitet eller andre høgskular
Mål for studiet
Målet med utdanninga er ein bachelorgrad som skal gi studenten:
- Ein tverrfagleg og fleksibel kompetanse som kombinerer kunnskap i naturfag med samfunnsfag
- Kunnskap om natur- og kulturmiljø, som grunnlag for planlegging og forvaltning av slike miljø
- Kunnskap om arealbruk og planprosessar
- Kunnskap om offentleg forvaltning
- Kunnskap om konsekvensutgreiing og landskapstilpassing av inngrep
- Spesiell kompetanse i kulturlandskapsfag
- Praktiske ferdigheiter i laboratorie- og feltarbeid
- Kunnskap og erfaring med IKT og geografisk informasjonsbehandling
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Evne til å gjere greie for sine kunnskapar og oppnådde resultat skriftleg og munnleg
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskravet er generell studiekompetanse / realkompetanse. Studentane bør i tillegg ha kunnskapar i biologi og kjemi tilsvarande 3-timars kursa ved naturfagleg studieretning i vidaregåande skule.
Innhald / oppbygging
Studiet er bygd opp med emne på 10 eller 20 studiepoeng som vert undervist i blokk. Kvart emne vert avslutta med sluttvurdering. Kvart semester har emne på tilsaman 30 studiepoeng. Bachelorstudiet består av emne tilsvarande 180 studiepoeng. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finna under emneomtalane.
Undervisnings- og læringsformer
Mange av emna inneheld feltarbeid, laboratorieøvingar og ekskursjonar i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som individuelle arbeid og / eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde kursa.
Studieopphald i utlandet
Studiet er tilpassa eit opphald i utlandet i 3. eller 4. semester.
Studentar som ønskjer det kan få innpassa emne tilsvarande eitt semesters studium (30ECTS/studiepoeng) ved utanlandsk institusjon som del av utdanninga ved HSF. Emnevalet skal førehandsgodkjennast av HSF.
Studenten følgjer ordinær undervisning ved vertsinstitusjonen.Utvekslingsavtalar er inngått med universitet i England, Nederland og Tyskland.
Arbeidskrav
Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med muntlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.
Sluttvurdering
Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Pensum
Pensumlister går fram av emneomtalane. Det kan bli utleverte reviderte pensumlister ved oppstart av undervisninga.