Tresemester (TRES) er lagt opp med eit seks vekers kurs i matematikk (omlag 170 timar), og eit tre vekers kurs i fysikk (omlag 84 timar). Undervisninga i matematikk vert avvikla om sommaren før ein tek til på ordinært studium i ingeniørfag. Kurset i fysikk vert avvikla i løpet av første klasse etter tilpassa opplegg.
Heile studiet skal gi kunnskapar innan matematikk og fysikk, slik at studentane får god nok bakgrunn for opptak til ingeniørutdanninga ved HSF.
Kvalifiserer til opptak på ingeniørutdanning ved HSF.
Studentar med generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ikkje har fordjuping i matematikk og fysikk.
Gi kunnskapar i matematikk og fysikk, slik at ein kan ta til på ingeniørstudiet til HSF.
Generell studiekompetanse, utan fordjuping i realfag (2 MX, 3MX og 2FY) eller realkompetanse.
Undervisninga i matematikk vert avvikla om sommaren før ein tek til i første klasse. Kurset i fysikk vert avvikla i løpet av første klasse i ingeniørstudiet etter tilpassa opplegg.
Studentar som tek fysikk deltek i den ordinære undervisninga på linje med dei andre 1. året i ingeniørutdanninga. Studentar som har 2MX, 3MX eller 2FY kan få fritak for delar av kurset.
Førelesingar og rekneøvingar. Gruppearbeid.
Mappevurdering. Karakterskala A - F. Det er også krav til oppmøte (maksimum 10% fråvere).