Kan erstatte IN690 i 6. semester i informasjonsbehandling.
Bacheloroppgåva skal gje studentane realistisk øving i:
- å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisingsopplegg basert på multimedia
- å bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet i ein pedagogisk samanheng
- skriftleg framstilling av kompliserte problemstillingar
- samarbeid og kommunikasjon (med rettleiar og medstudentar)
IN630, ME6-200 og OR6-301 . Emnet byggjer dessutan på resten av studiet.
Emnet vil starte med ei innføring i teori og metode for undervisning med informasjons- og kommunikasjonsteknologi, herunder alle nyare lyd- og biletmedium. Temaet for sjølve prosjektet vil så basere seg særleg på dette og ulike delar av IN630.
Eit overordna siktepunkt med bacheloroppgåva er å gje studentane innsikt i forskingsprosessen ved sida av det tekniske aspektet ved å produsere ein rapport. Målsettinga er å lage bacheloroppgåver med ein viss grad av vitskapsteoretisk forankring.
PBacheloroppgåva vert organisert som gruppearbeid, normalt med 3 studentar i kvar gruppe. Det vert gjeve rettleiing i alle fasar av arbeidet både for kvar gruppe og meir generelt.
Rettleiing basert på skriftleg materiale.
Bacheloroppgåva kan utførast i samband med konkrete undervisningsopplegg, og såleis ha eit innslag av praksis.
Basert på innlevert bacheloroppgåve og eventuelt utvikla produkt. Bokstavkarakterar.
Alle studentar som står bak eitt og same arbeid får same karakter.
Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell literatur kan vere:
Minken, I. og Stenseth, B.: Brukerorientert programdesign. Nasjonalt læremiddelsenter, 1998.
Torgersen, Glenn-Egil: Læring med IT. Næringslivets Forlag avd Opplysningsfilm, 1999