Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / KA 691 Bacheloroppgåve i økonomi og administrasjon  

KA 691 Bacheloroppgåve i økonomi og administrasjon

Kode
KA 691

Namn
Bacheloroppgåve i økonomi og administrasjon

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk emne i 6. semester i økonomi og administrasjon.

Tid
Vår

Mål for emnet

Læringsmål:

· Finne, velje ut og fordjupe seg i relevant teori for ei bestemt problemstilling

· Vurdere og velje ut relevante metodar for å finne svar på ei problemstilling

· Planlegge og gjennomføre innhenting av empiriske data, og bearbeide desse

· Analysere data og diskutere funna opp mot teori

· Vurdere funna og komme fram til ein konklusjon

· Det er også mogleg å skrive reint teoretiske oppgåver

· Skrive akademiske oppgåver

· Planlegge og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar

· Takle dei utfordringane som ligg i det å gjennomføre eit gruppearbeid

· Argumentere for at gruppa har følgt dei forskingsetiske prinsippa

Forkunnskapar

Bacheloroppgåva representerer ei oppsummering og avslutning av bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Berre ordinære studentar, eller andre studentar som har avlagt minst 120 studiepoeng på studiet, har høve til å følgja emnet.

Innhald / oppbygging

Emnet er sett saman av eit sjølvstendig skriftleg gruppearbeid (bacheloroppgåva), og rettleiing og seminar knytte til bacheloroppgåva.

Det er utarbeidd eit eige reglement for bacheloroppgåva. Studentane er pliktige til å sette seg inn i dette reglementet.

Kvar gruppe vert tildelt ein rettleiar. Rettleiaren vil i utgangspunktet vere ein av dei fagtilsette på studiet. I særskilte høve kan det nemnast opp eigen rettleiar etter godkjenning frå studieleiar.

Det blir organisert to seminar:

Oppstartseminar: tek føre seg planlegging av arbeidet med bacheloroppgåva, akademisk skriving, repetisjon av metode og forskingsdesign

Midtvegsseminar med hovudfokus på analyse av data

Det er obligatorisk oppmøte på begge seminara, med ein munnleg presentasjon på seminar 2.

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid frå studentane si side, der dei sjølve har ansvar for det kvalitetsnivået dei vil leggja seg på i arbeidet.

Rettleiing blir gjeve etter avtale med rettleiar. Det vil kunne bli utarbeidd kontrakt mellom kvar gruppe og rettleiar når det gjeld omfang og innhald i rettleiinga. Normalt bør utgangspunktet for rettleiinga vera skriftleg materiale frå studentane.

Seminara er ein del av bacheloroppgåva og skal støtte opp under det sjølvstendige arbeidet som blir evaluert. Ein føreset at studentane har med eigne problemstillingar til seminara og deltek aktivt.

Arbeidskrav

Deltaking på seminara er obligatorisk. På seminar 2 skal kvar gruppe ha ein munnleg presentasjon av oppgåva si. Rettleiar er ansvarleg for godkjenninga av arbeidskravet.

Sluttvurdering

Bacheloroppgåva vil bli evaluert av ansvarleg rettleiar og eksternt oppnemnd sensor. Det vert nytta bokstavkarakter. Alle studentane på gruppa får same karakter.
Sjå reglement for prosjektoppgåver.

Pensum

Avhengig av val av oppgåve.