MA6-100 Matematikk

Kode
MA6-100

Namn
Matematikk

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i 1. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og 1-årig studium i bedriftsøkonomi.

Tid
Haust

Mål for emnet

Etter at kurset er gjennomført, skal studentane forstå og kunne bruke funksjonsbegrepet. Studentane skal kunne løyse oppgåver med ulike typar funksjonar, t.d. lineære, kvadratiske, rasjonale funksjonar og potensfunksjonar. I tillegg må ein kunne løyse likningar og ulikskapar der funksjonane inngår.

Derivasjon er eit sentralt tema i kurset. Målet er at studentane skal kunne derivere funksjonar av ulike typar, også samansette funksjonar. Det blir gitt opplæring både i derivasjon av funksjonar av ein variabel, og funksjonar av fleire variablar (partiell derivasjon). I tillegg til å kunne gjennomføre sjølve derivasjonen, er det viktig å få forståing for kva derivasjon kan brukast til, både i matematikk-kurset, seinare i studiet og i arbeidslivet.

Det er også eit mål at studentane skal forstå grunnleggjande integrasjon.

Studentane skal meistre rekning med logaritmar og eksponensialfunksjonar, og rekneoppgåver som inneber bruk av geometriske og aritmetiske rekkjer (t.d. utrekning av terminbeløp for serielån og annuitetslån).

Forkunnskapar

Emnet byggjer på forkurs i matematikk eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

Funksjonar av ein og fleire variablar, derivasjon, integrasjon, optimeringsteknikkar, rekkjer og logaritmar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Alle trykte og skrivne. Kalkulator (programmerbar).

Pensum

Bjørnestad, Olsson, Søyland, Tolcsiner: Matematikk for økonomi og samfunnsfag. Kan bruke både 6. og 7. utgåve.