Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / BØ6-200 Driftsrekneskap, budsjettering, investering og finansiering
Emnet skal vise korleis interne styringsdata kan genererast og brukast til å leie eit føretak. Det blir gjeve ei oversikt over og innsikt i ulike driftsrekneskapsmodellar. Det blir lagt vekt på å drøfte vurderingsproblem i tilknyting til desse modellane. Det er også viktig å øve opp forståing for samanheng mellom driftsrekneskap og ulike budsjett og kva data frå driftsrekneskapen som er relevante og irrelevante i avgjerdsprosessar. Det blir vidare lagt vekt på å fremje ei heilskapsforståing der økonomistyringa blir sett inn i ein større samanheng. Innhaldet skal vere generelt og kunne brukast i alle bransjar. Emnet skal gje innføring i og grunnleggjande forståing av både kvalitative og kvantitative problem i samband med avgjerder om investering og finansiering.
Kunnskap tilsvarande innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi (BØ6-101), finansrekneskap med analyse (BØ6-100), matematikk (MA6-100).
Inntekts- og kostnadskontroll: Modellar for driftsrekneskapen og bruk av normal- og standardkost, avgjerdsrelevante kostnader og inntekter, utrekning av relevante kostnader for riktig prissetting, produktval, kjøpe/produsere sjølv, aksept av tilleggsordre, nedlegging mv. Aktivitetsbasert rekneskap. Alternativ til tradisjonell kostnadsanalyse. Budsjettering. Produktval med fleire restriksjonar. Føresetnader og fundament innan investering og finansiering. Utrekning av avgjerdsrelevant kontantstraum inkl. arbeidskapitaleffekt. Korrekte verdivurderingsmetodar. Investeringsanalysar; noverdi, internrente og annuitet (finansmatematikk). Økonomisk levetid og utskiftingsanalysar. Verknader av skatten og prisstiging på kontantstraumar og metodar. Porteføljeteori og kapitalverdimodellen. Kort innføring i finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt.
Førelesingar og løysing av oppgåver.
Ein føresetnad er bruk av modellverkty som t.d. rekneark og programmerbar kalkulator i emnet.
Ingen obligatoriske.
Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Kalkulator (også programmerbar).
Kjell Gunnar Hoff, Driftsregnskap og budsjettering, siste utgåve, Universitetsforlaget.Knut Boye, Finansielle emner, siste utgåve, Cappelen Akademisk Forlag.