Obligatorisk emne i 4. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og 1-årig studium i bedriftsøkonomi.
Mikroøkonomi og bruk av mikro skal gje studentane innføring i grunnleggjande mikro- og marknadsteori, og øvingar i bruk av teorien på eitt eller fleire område. Studentane skal få innsikt i korleis ein kan modellere og analysere økonomisk tilpassing og samspelet mellom einskilde aktørar i ulike marknadsformer. Studentane skal kunne bruke det grafiske og matematiske analyseapparatet for avgjerder til konsumenten basert på prisar og inntekt, og dessutan analyseapparatet for dei avgjerder produsenten tek under ulike målsetjingar (profittmaksimering, kostnadsminimering) og marknadsformer. Studentane skal også få innsyn i korleis ulike former for politikk verkar på dei einskilde aktørane si tilpassing og prisdanninga i marknaden.
Studentane skal også få innsikt i korleis ulike informasjonsproblem pregar økonomiske aktivitetar og korleis ulike strategival påverkar det økonomiske resultatet.
Kunnskap tilsvarande innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi (BØ6 -101) og matematikk (MA6 -100).
Faglege element som skal dekkast:
Dekkast grundig: Produksjonsteori. Konsumentteori. Marknadsteori. Effektiv ressursbruk. Verknader av skattar/subsidiar. Informasjonsproblem. Konkurransestrategi
Orientering om: Komparative fortrinn. Arbeidsmarknadsteori. Marknadssvikt. Styringssvikt. Berekraftig utvikling. Inntektsfordeling.
Førelesingar og løysing av oppgåver.
Ein føresetnad er bruk av modellverkty som t.d. rekneark og / eller programmerbar kalkulator i emnet.
Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Kalkulator (også programmerbar).
Vidar Ringstad: Samfunnsøkonomi 1. Mikro- og Markedsøkonomi, siste utgåve. Cappelen Akademisk forlag.
Gaute Torsvik: Informasjonsproblem og økonomisk organisering, siste utgåve, Fagbokforlaget.