Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR625 Innføring i praktisk organisasjonsarbeid  

OR625 Innføring i praktisk organisasjonsarbeid

Kode
OR625

Namn
Innføring i praktisk organisasjonsarbeid

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfag for studentar som har tillitsverv i studentorganisasjonar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), Studentsamskipnaden eller som representerer studentane i råd og utval ved HSF.

Tid
Vår
Det vert undervist i emnet frå slutten av januar til siste del av april. Undervisninga vert lagt opp på ettermiddagstid/kveldstid.

Mål for emnet

Emnet skal gi formell kompetanse til studentar som engasjerer seg i arbeidet med å forbetre studietilbodet, undervisninga, velferd og den praktiske kvardagen for studentane. Emnet skal også gjere deltakarane betre rusta til å delta i dei demokratiske studentorganisasjonar.

Forkunnskapar

I utgangspunktet er emnet eit tilbod til studentar med valde verv ved HSF eller student- og velferdsorganisasjonar i tilknyting til HSF. Andre som også er studiekompetente kan få tilgang.

Innhald / oppbygging

1. Prosessar i frivillige organisasjonar
2. Organisasjonsteori
3. Nettverksforståing
4. Rapport

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og rettleiing i samband med skriving av rapport.

Sluttvurdering

Studentane skal skrive ein praksisrapport med vekt på eigenlæring. Rapporten skal

1) dokumentere deltaking i og oppgåver studenten har hatt i verv(a),

2) reflektere over kva han/ho har lært om organisasjon, rolla og seg sjølv,

3) komme med framlegg om forbetringar i tilhøvet mellom studentorganisasjonar og HSF i lys av pensumlitteratur eller annan relevant faglitteratur og førelesingar.

Rapporten blir berre godkjent dersom han syner god kjennskap til pensumlitteratur eller annan relevant faglitteratur.

Rapporten skal vere på maksimalt 15 sider (om lag 5500 – 6500 ord). Rapporten skal leverast til nærare avtalt tid i månadsskiftet mai/juni. Karakter: godkjent/ikkje godkjent.

Pensum

Vert oppgjeve ved studiestart.i studiet.

Omtale av dei enkelte tema som inngår i studiet

1. Prosessar i frivillige organisasjonar

Mål: Å kjenne til kva ein frivillig organisasjon er, gjeremåla til frivillige organisasjonar og dei prosessane som finn stad i tilknyting til desse. Ein skal og få innsyn i korleis ein sjølv kan delta i dei ulike prosessane som finn stad.

Innhald:

*Typar verv

*Møteleiing

*Avvikling av val

*Møtebok

*Iverksetting av vedtak

*Foredrag og diskusjon; ”møte- og diskusjonsteknikk”

Undervisningsform: Førelesingar, seminar, gruppearbeid og gjesteforedrag.

2. Organisasjonsteori

Mål: Å forstå at vi lever i ei verd av organisasjonar, korleis organisasjonar er bygde opp og korleis aktørane tenker og handlar innan rammene av organisasjonar. Sentralt står også korleis tilhøvet mellom den enkelte organisasjonen og omgivnadene kan forståast.

Innhald:

*Organisasjonsstruktur

*Organisasjonskultur

*Makt og konfliktar

*Organisasjon og omgivnader

*Kommunikasjon

*Avgjerdsprosessar

Undervisningsform: Førelesingar, seminar og gruppearbeid.

3. Nettverksforståing

Mål og innhald: Denne blokka skal gi kursdeltakarane 1) forståing for det ”organisasjonssettet” ein direkte og indirekte er ein del av som tillitsvalt, og 2) forståing for dei krav og forventningar ein møter, og kan rette mot andre, som deltakar i organisasjonssettet.

I dette nettverket kan vi snakke om tre typar aktørar som kvar finst på tre ulike organisasjonsnivå. Aktørtypane er:

- Aktørane i utdanningssystemet (offentlege styresmakter og utdanningsinstitusjonane)

- Studentpolitiske aktørar

- Aktørar i forhold til studentvelferd

Kvar av desse aktørtypane finn vi på nasjonalt nivå, institusjonsnivået og på avdelingsnivå i utdaningsinstitusjonane. Organisasjonssettet inneheld dermed ni ulike aktørgrupper.

Undervisningsform: Førelesingar og gjesteforedrag.

4. Rapport

Mål og innhald: Rapporten skal 1) dokumentere deltaking i og oppgåver studenten har hatt i verv(a), 2) reflektere over kva han/ho har lært om organisasjon, rolla og seg sjølv, 3) kome med framlegg om forbetringar i tilhøvet mellom studentorganisasjonar og HSF i lys av pensumlitteratur eller annan relevant faglitteratur og førelesingar.

Undervisning: individuell rettleiing ved kursansvarleg etter nærare avtale.