Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE616 Ressursgrunnlaget for reiseliv  

RE616 Ressursgrunnlaget for reiseliv

Kode
RE616

Namn
Ressursgrunnlaget for reiseliv

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne 3. semester i turisme og reiseliv.

Tid
Haust, 3. semester

Mål for emnet

Emnet skal gi ei innføring i natur, kultur, landskap og berekraftig reiseliv, og ta opp miljøspørsmål knytt til reiseliv, både på det nasjonale og internasjonale planet.

Forkunnskapar

Ingen

Innhald / oppbygging

Sentralt i undervisninga vil vere å gi studentane eit oversyn over reiselivsressursane og ei forståing av korleis desse utviklast som reiselivstilbod. I denne samanheng vil natur- og kulturarven og dei menneskelege ressursane ein rår over i dag, vere viktige. Turismen sin tendens til å øydeleggje sitt eige ressursgrunnlag vil bli drøfta. Ulike strategiar for vern og regulering av turistane sin bruk av natur og miljø vil bli drøfta. Ein vil òg kome inn på slitasjeproblem i sårbare område, som landskapsvernområda. Dessutan vil ulike sider ved destinasjonsutvikling verte gjennomgått.

Undervisnings- og læringsformer

Ein vil veksle mellom førelesingar, gruppeøvingar og feltekskursjonar/-arbeid.

Ekskursjonar

Kurset inneheld ein ekskursjon på 1 til 3 dagar med obligatorisk deltaking.

Arbeidskrav

Innlevering av gruppeoppgåver

Sluttvurdering

Avsluttande skriftleg, individuell eksamen, 6 timar

Pensum

Hanne Thomsen: Kultur og reiseliv, et høyskoleprogram om kultur, natur og miljø for reiselivet (Bind 1). Høgskolen i Stavanger - avd. Norsk hotellhøgskole.

Hanne Thomsen: Natur og reiseliv, et høyskoleprogram om kultur, natur og miljø for reiselivet. (Bind 2). Høgskolen i Stavanger - avd. Norsk hotellhøgskole.