Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE681 Praksisopphald i reiseliv  

RE681 Praksisopphald i reiseliv

Kode
RE681

Namn
Praksisopphald i reiseliv

Studiepoeng
30.00

Kategori
Valfag

Tid
Haust, 5. semester

Mål for emnet

Målet med praksisopphaldet er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med ulike sider ved reiselivsnæringa.

Forkunnskapar

Tidlegare reiselivsfag.

Innhald / oppbygging

Arbeidsoppgåvene skal vere varierte, og stå i forhold til den kompetansen studenten har. Praksisopphaldet kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda, eller til gjennomføring av særskilde prosjekt.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe eigna praksisplass. Plassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen. Det skal inngåast avtale om regelmessig rettleiing og oppfølging under praksisopphaldet.

Arbeidskrav

Obligatorisk oppmøte på praksisstaden.

Sluttvurdering

Praksisrapport i samråd med fagleg rettleiar. Greidd/Ikkje greidd.