Valfritt emne i 4. eller 6. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.
Hovudsiktemålet er å gje ei innføring i skatterett for økonomistudentar. Emnet skal gje studentane oversikt over skattereglane som gjeld for personar og ulike typar selskap. Målet er å gjere studentane i stand til å forstå og bruke skattereglane på praktiske oppgåver, mellom anna å forstå samanheng og skilnad mellom fagområda skatterett og rekneskap. Skattereglane er i stadig endring og det er eit mål for kurset at studentane får kunnskap om grunnleggjande prinsipp som skal setja dei i stand til å forstå og praktisere nye reglar innan skatteretten
Kurset sitt hovudemne er fastsetjing av formue og inntekt for personar og bedrifter. Skiljet mellom personinntekt og allmenn inntekt er sentralt. Det er også nødvendig å kjenne omfanget av skatteplikta til Noreg, skattestaden og kven som er skattepliktig.
I tillegg til skatterett vil kurset også omfatte ein del meirverdiavgiftsrett. Viktige tema er omsetning av varer og tenester som grunnlag for avgiftsplikt, omsetning innanfor og utanfor avgiftsområdet, omsetning med særskilt fritak for avgiftsplikt, frådragsrett for inngåande avgift, registreringsplikt og -rett.
Kurset vil vere ein kombinasjon av teoretisk framstilling av stoffet og praktisk løysing av oppgåver.
Kurset vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske døme. Det er naudsynt med aktivt sjølvstudium (studiebok) og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum. Classfronter vert nytta til utlegging av lysark, oppgåver og løysingsforslag, samt til innlevering av arbeidskrav.
Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Lars Fallan: Innføring i skatterett. Siste utgåve.
Lars Fallan: Innføring i skatterett. Studiebok.
Thor Refsland: Lærebok i merverdiavgift, innføring i merverdiavgiften.
Tilleggslitteratur:
Arthur Brudvik: Skatterett for næringsdrivende
Fredrik Zimmer: Lærebok i skatterett
Endeleg pensum vert oppgjeve når kurset startar.