Valfritt emne for bachelorstudium i økonomi og administrasjon og informasjonsbehandling.
Eit raskt aukande tal verksemder tek Internett i bruk for kommersielle føremål. Dette gjeld ikkje berre framveksten av nye verksemder direkte knytt til den elektroniske marknadsplassen. Minst like viktig er det at stadig fleire verksemder innanfor dei etablerte næringane no nyttar Internett som ein ny kanal mot eksisterande og nye kundar. Dette emnet vil ta for seg den elektroniske marknaden frå ulike perspektiv; eit samfunnsmessig, eit teknologisk, eit juridisk og eit økonomisk-/marknadsføringsperspektiv. Emnet skal setje fokus på problemstillingar som er særleg praktiske for offentleg og privat sektor som ønskjer å ta Internett i bruk for kommersielle føremål.
Del I: Samfunnsmessig perspektiv
-Utviklingstrekk i Norge og internasjonalt
-Viktige planar og forum
-Konsekvenser for næringsstruktur og arbeidsliv
-e-forvaltning
Del II: Teknologisk perspektiv
-Infrastrukturen til nettbasert handel
-Betalingsformidling over nett
-Tryggingsrutinar ved netthandel
-Utforming av e-handelssystem
-Implementering og oppfølging av e-handelssystem
Del III: Juridisk perspektiv
-Domenenamn
-Utforming av avtalar og marknadsføring på Internett
-Ansvar for vidareformidling av informasjon
-Vern av åndsverk
-Personvern
-Internasjonal rett
Del IV: Økonomisk perspektiv/marknadsføringsperspektiv
-Strategiar for e-handel
-Strategiar for innkjøp, logistikk og tilbod
-Marknadsføring og internett
-Strategiar for oppfølging av nye og eksisterande kundar (CRM)
Emnet har ei ramme på 120 timar. Av dette er 100 timar knytt til undervisning, medan det resterande er knytt til gruppearbeid. Studentpresentasjonar og øvingar i datalab inngår i emnet.
2 godkjende innleveringsoppgåver.
BD640 102 Prosjektoppgåve i gruppe, tel 40%.
BD640 101 Skriftleg skuleeksamen, 6 timar, tel 60%.
Lovlege hjelpemiddel: Ingen.
Bokstavkarakter.
Begge delar må vera godkjende for at emnet skal vera greidd.
Det er høve til å ta om att berre ein del av eksamen.
Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:
Bakken, Alfred og Eva K. Steira: CRM i praksis. Med fokus på dialog- og relasjonsmarkedsføring, Universitetsforlaget, Oslo 2001.
Chaffey, Dave: E-Business and E-commerce Management, Prentice Hall, Edinburgh, 2ed 2004.
Davidsen C. M. og Tepfers C. : ”Elektonisk handel – fra buzz til biz”, Tapir, 2002.
Jarbekk, Eva og Morten Foss: E-handel, Internett og juss, 1. utg., Gyldendal Norsk Forlag AS, Oslo 2001.
NOU 2001:10. Uten penn og blekk. Bruk av digitale signaturer i elektronisk samhandling med og i forvaltningen.
Oz, Effy: “Foundations of e-business”, Prentice Hall, 2002.
Shapiro, Carl og Hal. R. Varian: Den nye økonomien, Hegnar Media, Larvik 2000.
Turban, Efraim et al.: “Electronic commerce A managerial perspective”, Pearson Education, 2002.
Turban E. og King D.: ”Introduction to electronic commerce”, Person Education, 2003.