Obligatorisk emne i masterprogrammet i organisasjon og leiining.
I siste halvdel av masterstudiet.
Mål for kurset er at studentane skal:
- Få oversyn over ulike perspektiv på leiing
- Få kjennskap til teoriar om leiarskap i det moderne samfunn
- Kjenne forskjellen mellom leiarroller, leiarstil og andre tradisjonelle innfallsvinklar til leiarskap
- Forstå korleis rammene for utøving av leiarskap vert forma av ulike kontekstar som; nasjonalitet, organisasjonsform, kjønn og off/privat
- Forstå særdraga ved utøving av leiarskap i profesjonsorganisasjonen
- Forstå korleis leiarar kan fungere i organisasjonar gjennom ivaretaking av funksjonar
Emnet forutset at studentane har teke dei første 30 studiepoenga av masterstudiet i organisasjon og leiing eller har tilsvarande. Kurset forutset at studentane har yrkeserfaring.
Emnet rettar søkelys på teoriar om leiing og om praktisk utøving av leiarskap i offentlege organisasjonar i ei verd i endring. Ved å syne korleis leiing inneber ulike ting i ulike kontekstar, kulturar og organisasjonstypar, mellom anna helsevesen og skuleverk, skal studentane gjennom kurset utvikle eit sjølvstendig syn på kva som er mogeleg å oppnå som leiararar, og kva avgrensingar som ligg i ulike leiarkonsept.
Forelesingar, gruppearbeid, caseanalyser og seminararbeid
Kurset blir sett i samband med anna undervisning i masterstudiet. Ein frivillig ekskursjon til utlandet ein del av eitt av emna.
Arbeidskrav nr. 9: Caseanalyse. Bruk av pensumlitteratur til analyse av utdelt case – eller bruk av eige case frå studentane si side. Maks. 10 sider.
Vurdering av innlevert refleksjonsdokument på maks. 10 sider. Arbeidskrav nr. 9 kan leverast.
Brusdal, R og I Frønes: På sporet av den nye tid. Kulturelle varsler for en nær fremtid. (Utval). Bergen : Fagbokforlaget, 2000. (Utdrag)
Strand, T: Ledelse, organisasjon og kultur. Kap., 1-3, 5, 7, 8, 9,11,12, 15, 16, 17,18 og 19. Fagbokforlaget 2000 (403 s.).
Sennet, Richard (2001): Det fleksible mennesket : personlige konsekvenser av å arbeide i den nye kapitalismen. Bergen : Fagbokforlaget (199 s.)
Fuglestad,O L og S Lillejord (red.) Pedagogisk ledelse. Et relasjonelt perspektiv. Bergen: Fagbokforlaget 1997. Utdrag.
Schön, D A: The reflective practitioner. How professionals think in action. Aldershot : Avebury, 1991. Utdrag.