Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-101 Organisasjonskunnskap  

OR6-101 Organisasjonskunnskap

Kode
OR6-101

Namn
Organisasjonskunnskap

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i 1. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, årsstudia i organisasjon og leiing, bedriftsøkonomi og turisme og reiseliv.
Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i informasjonsbehandling.

Tid
Haust

Mål for emnet

Kurset skal gje innføring i korleis organisasjonar fungerer og korleis menneske påverkar, og blir påverka, av organisasjonar dei arbeider og samspelar i. Kurset byggjer på føresetnaden om at vi lever og arbeider i ei verd av organisasjonar; at organisasjonar er eit sentralt kjennemerke ved det moderne industrialiserte samfunnet. Ein skal gje studentane grunnleggjande oversikt i sentrale teoriar på sosiologisk, statsvitskapeleg, økonomisk og psykologisk grunnlag om strukturar og prosessar i og mellom organisasjonar. Det ligg i dette at undervisninga i organisasjonsteori får ein tverrfagleg tilnærmingsmåte.
Studentane skal bli i stand til å analysere, forstå, tolke og drøfte organisasjonsfaglege problemstillingar og peike på mogelege løysningar.

Forkunnskapar

Ingen spesielle.

Innhald / oppbygging
  • Perspektiv på organisasjonar
  • Strukturering
  • Leiing, endring og læring
  • Kognitive prosessar
  • Sosiale og kulturelle forhold
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar.

Arbeidskrav

Før studenten får høve til å gå opp til eksamen, skal han/ho levere inn eit arbeidskrav til godkjenning. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Utvalte delar av:
Jacobsen, Dag Ingvar og Jan Thorsvik: Hvordan organisasjoner fungerer. 2.utgave. Fagbokforlaget.
Omholt, Knut og Jon Gunnar Nesse: Mennesker, organisasjon og ledelse. 2.utgave. Universitetsforlaget.
Kaufmann, Geir og Astrid Kaufmann: Psykologi i organisasjon og ledelse. 3.utgave. Fagbokforlaget.