Obligatorisk emne i 2. semester på årsstudiet i organisasjon og leiing. Valfritt emne i 4. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.
Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å gjere greie for og drøfte sentrale omgrep og problemstillingar innan personalleiing og å sette personalarbeidet inn i ein organisasjonsmessig samanheng. Vidare skal studentane tileigne seg kunnskapar som gir føresetnader for å ta seg av personaladministrative oppgåver i ein organisasjon, på ein slik måte at ein fremmar effektivitet, trivsel og kompetanseheving.
- Introduksjon: Historisk utvikling av faget, sentrale omgrep og problemstillingar
- Strategisk personalleiing
- Personalpolitikk
- Personalplanlegging
- Verkemiddel i personalleiing: Rekruttering, læring og personalutvikling, motivasjon og belønningssystem, karriereplanlegging og -leiing, personalavvikling
- Internasjonal personalleiing
- Framtidig personalleiing
Inkluderande arbeidsliv
Førelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar og problembasert arbeid. Desse arbeidsformene blir integrerte i minst ei større innleveringsoppgåve.
Det skal leverast inn to oppgåver. Oppgåvene kan gjerast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter. Lovlege hjelpemiddel ved eksamen: Noregs Lover, lovsamling eller særtrykk av lover, reine rettskrivingsordlister
Nordhaug, Odd (2002): LMR : ledelse av menneskelige ressurser : målrettet personal- og kompetanseledelse. Universitetsforlaget, Oslo.
Resten av pensumet blir oppgitt ved studiestart.