Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-204 Offentleg styring og organisering  

OR6-204 Offentleg styring og organisering

Kode
OR6-204

Namn
Offentleg styring og organisering

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, i 5. semester på bachelorstudiet i turisme og reiseliv og 1. semester på årsstudiet i organisasjon og leiing.

Tid
Haust

Mål for emnet

Kurset skal gi innsikt i dei organisasjonsformer og prosessar som legg grunnlaget for forståinga til ei kvar tid av forholdet mellom ”offentleg” og ”privat” sektor. Studentane skal bli i stand til å analysere, forstå, tolke og drøfte forholdet mellom stat og samfunn, korleis offentleg styring kjem til uttrykk og kva konsekvensar styringa har. Dei sentrale omgrepa er makt, beslutningsprosessar og organisasjonsformer.

Kurset byggjer på organisasjonsteori, men og på sentrale omgrep henta frå statvitskap.

Forkunnskapar

Kurset føreset den innsikt i organisasjonsfaga ein skal ha tileigna seg i dei to første åra av bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Innhald / oppbygging
  1. Stat og politisk regime; den moderne stat. I denne bolken er vi opptekne av dei grunnleggjande problemstillingane knytte til offentleg kontra privat styring: fordeling av makt, definering av innhaldet i statens makt, politiske rettar.
  2. Beslutningsprosessar og politisk påverknad. Her stiller vi to typar spørsmål: Det eine har å gjere med korleis ein skal definere føremålet med offentleg politikk – forholdet mellom fordeling av gode og byrder på den eine sida og å skape orden og samhald ut av mangfald og interessemotsetnader på den andre sida. Det andre spørsmålet er korleis ein kan påverke innhaldet i politikken – korleis vert ein ”politikar”? Måten beslutningsprosessane er organiserte på definerer rettar, plikter og forventningar til deltakarane, men også dagsorden, beslutningsprosedyrar, rutinar og reglar. Samstundes blir mykje av den offentlege styringa avgjort av faktorar som ikkje står på dagsorden til ”politiske” organ til eikvar tid, som til dømes internasjonale organisasjonar Noreg har knytt seg opp mot og fagorgan av ulike typar.
  3. Organisasjonsstrukturar; fristilling. Statsmakta endrar ansikt over tid. Med utgangspunkt i ei organisasjonsform bygd på prinsipp om hierarki og regelstyring går det no føre seg ei ”modernisering” av staten – ei fristilling – langs fire dimensjonar: internt i statsforvaltninga; mellom statsforvaltninga og private aktørar; i forholdet mellom sentralmakt og lokal makt; i forholdet mellom staten og frivillige organisasjonar. Stikkordet er avpolitisering, det vil seie redusering av folkevald styring og vektlegging av andre styringskriterium, som til dømes lønsemd og faglegheit. Vi skal drøfte årsakene, formene og konsekvensane av desse prosessane.
  4. Politikktypar og utvalde politikkområde. Offentleg politikk kan kategoriserast på ulike måtar. Til dømes kan ein skilje mellom fordelingspolitikk, omfordelingspolitikk, reguleringspolitikk og sjølvreguleringspolitikk. Slike typologiar blir nytta til å kaste lys over to motsette føresetnader: den eine at bestemte forhold i det offentlege styringsverket forklarar ulike typar politikk, den andre at politikkens innhald forklarar korleis beslutningsprosessane er organiserte. Med utgangspunkt i eitt eller fleire utvalde politikkområde skal vi gjere greie for slike teoriar.
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar.

Arbeidskrav

Før studenten får høve til å gå opp til eksamen, skal han/ho levere inn eit arbeidskrav til godkjenning. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

STAT OG POLITISK REGIME

*Østerud: Statsvitenskap. Universitetsforlaget.

Del I: Faget og emnet. 40s.

Østerud, Engelstad og Selle: Makten og demokratiet. Gyldendal.

Del I: Territoriet, nasjonen og sikkerheten. 30s.

*Claes og Førland: Europeisk integrasjon. 2.utgave. Gyldendal

Kapittel 4: Økonomisk integrasjon 20s.

Kapittel l0: Norge, EU og EØS. 20s.

BESLUTNINGSPROSESSER OG POLITISK PÅVIRKNING

Busch, Johnsen, Klausen og Vanebo (red.): Modernisering av offentlig sektor. 2.utgave. Universitetsforlaget.

Innledning – om modernisering og bokens innhold. 20s.

Del I: Modernisering av offentlig sektor – bakgrunn og teoretisk ramme. 70s.

Christensen, Egeberg, Larsen, Lægreid og Roness: Forvaltning og politikk. Universitetsforlaget.

Kapittel 8: Forvaltingen og samfunnsgrupper. 15s.

Østerud, Engelstad og Selle: Makten og demokratiet. Gyldendal.

Del II: Institusjonell politisk makt. 60s.

Del III: Medborgerskap. 40s.

Del IV: Kapitalisme og økonomisk makt. 50s.

ORGANISASJONSSTRUKTURER; FRISTILLING

Christensen, Egeberg, Larsen, Lægreid og Roness: Forvaltning og politikk. Universitetsforlaget.

Kapittel 3: Sentralforvaltningen: organisasjon og politikk 15s.

Kapittel 4: Prosedyrer i statsforvaltingen. 15s.

Kapittel 9: Lokalforvaltningen i Norge. 30s.

*Grønlie og Selle: Ein stat? Fristillingas fire ansikt. Samlaget.

Kapittel 1: Fortsatt én stat? 10s.

Ramsdal og Skorstad: Privatisering fra innsiden. Om sammensmeltingen av offentlig og privat organisering. Fagbokforlaget. 250s.

POLITIKKTYPER OG UTVALGTE POLITIKKOMRÅDER

*Kjellberg og Reitan: Studiet av offentlig politikk. Tano.

Kapittel 4: Typologiseringer av offentlig politikk. 30s.

Casestudie/er 50-75s.

Litteratur merket * finnes i kompendium.

Casestudie/er blir trolig presentert som eget kompendium. Beslutning om dette blir tatt senere.