A - Språklæring
1 - Mål: Denne komponenten skal bidra til å utvikla kunnskapar om eigen språklæring og gje innsikt i born si språklæring. Komponenten skal vidare bidra til å gje innsikt i sentrale språklege strukturar og funksjonar. Det vil også være et viktig mål å utvikle kunnskapar om og erfaringar med korleis læraren kan forstå og legge til rette for elevane si språkutvikling.
2 - Innhald: Komponenten har følgjande innhald:
- teoriar om moderne framandspråkopplæring og anvending av metodar innanfor dette
- kunnskap om språket, språkbruk og innsikt i eigen språklæring
- vurdering av eigen språkbruk og val av strategiar og arbeidsmåtar
- kva det inneber å læra eit anna språk og sjå på samanhengar mellom engelsk, morsmål og andre språk
- kunnskap om forskjellige læringsstilar og læringsstrategiar
B – Kommunikasjon
1 – Mål: Denne komponenten har som mål å utvikla eigendugleik og innsikt i engelsk språkbruk når det gjeld ordforråd, idiomatiske strukturar, uttale, intonasjon, rettskriving, grammatikk og oppbygging av setningar og tekstar, med tanke på føremålstenlege kommunikasjonsstrategiar.
2 – Innhald: Komponenten har følgjande innhald:
- øving i språkbruk gjennom lytting, lesing, skriving, førebudd munnleg produksjon og spontan munnleg samhandling
- utvikling av føremålstenleg ordforråd, herunder matematiske omgrep
- teoriar og metodar innanfor kommunikativ språkundervisning
- demonstrasjon og utprøving av kommunikative aktivitetar
- øving i å tilpassa språket til mottakar og situasjon
- arbeid med ulike sjangere og uttrykksformer
- bruk av språkleikar og -spel
- øving i uttale og intonasjon, og innføring i lydskrift
- øving i synkron og asynkron kommunikasjon via nett, for eksempel chatting og deltaking i diskusjonsfora
- bruk av engelsk i tverrfagleg samanheng
C – Kultur, samfunn og litteratur
1 – Mål: Denne komponenten har som mål å utvikla studentane sin kulturkompetanse gjennom arbeid med ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, noko som kan gje grunnlag for betre forståing av andre sine levesett, kulturar og livssyn. Denne delen av studiet skal gje innsikt i emne knytte til samfunnsliv, litteratur og andre kulturuttrykk i den engelsktalande verda, bidra til leseglede og oppleving, og vera med på å auka språkferdigheita hos studenten. I denne komponenten vil det også bli gitt innføring i metodar for bruk av ulike typar tekstar i undervisninga.
2 – Innhald: Komponenten har følgjande innhald:
- arbeid med songar, rim, regler og eventyr til bruk i engelskundervisninga
- lesing og vurdering av eit utval andre engelskspråklege tekstar for born
- arbeid med tilrettelegging av slike tekster for klasserommet
Arbeid med alle dei grunnleggjande ferdigheitane er tenkt integrerte i alle tre hovudområda over, men med spesiell vekt på munnlig lærarkompetanse.
Studiet er nettbasert og det vil bli 5 samlingar i haustsemesteret med mappeeksamen i desember.
Obligatorisk deltaking på samlingane.
Presentasjonsmappe som skal innehalda 4 tekstar:
- to skriftlege oppgåver basert på ei pensumbok
- ei prøve i språk 2 t
- pedagogisk utviklingsarbeid
Vekting: 100%
J.M. Barrie: Peter Pan (Penguin Popular Classics)
Frank L. Baum: The Wonderful Wizard of Oz (Penguin Popular Classics)
Tony Bradman: The Frankenstein Teacher ISBN 0-552-54551-1
Nick Butterworth: The Whisperer ISBN 0-00-712018-4
Roald Dahl: The Enormous Crocodile ISBN 0-14-131152-5
- : The Twits ISBN 0-14-131138-X
T.S. Eliot: Old Possum’s Book of Practical Cats
Ian Fleming : Chitty Chitty Bang Bang
K. Grahame: The Wind in the Willows
R. Kipling: Rikki Tikki Tavi
Harper Lee: To Kill a Mockingbird
Didaktikk/Metodikk
Drew, Ion /Sørheim,Bjørn : English Teaching Strategies. Methods for English Teachers
Munden, Juliet / Myhre, Astrid : Twinkle Twinkle
Fagplanar for grunnskulen og den vidaregåande skule.
Grammatikk
Murphy, Raymond: English Grammar in Use
Fonetikk
Nilsen, Thor Sigurd, Rugesæter, Kåre N.: Basic English Phonetics for Teachers
The sounds of English, A Basic Course
CD for individuell øving