Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / SØ6-100 Samfunnsøkonomi (makro)  

SØ6-100 Samfunnsøkonomi (makro)

Kode
SØ6-100

Namn
Samfunnsøkonomi (makro)

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk emne i 2. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, turisme og reiseliv og 1-årig studium i bedriftsøkonomi. Valfritt emne i årsstudiet i turisme og reiseliv.

Tid
Vår

Mål for emnet

Studentane skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, mellom anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Dei skal også ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke det økonomiske aktivitetsnivået. Studentane skal ha kjennskap til korleis ulike valutakursregime verkar.

Føremålet med emnet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den enkelte bedrift.

Forkunnskapar

Ingen spesielle, men det er ein fordel med kunnskapar i matematikk som tilsvarar emnet MA6 -100.

Innhald / oppbygging

Faglege element som skal dekkast:

Nasjonalrekneskap

-Kunnskap om dei ulike komponentane som utgjer BNP.

-BNP som velferdsmål

-Prisindeksar

-Ulike renteomgrep

-Valutakursar

Økonomisk vekst

Strukturell arbeidsløyse

Pengar, valuta og inflasjon

-Kjøpekraftsparitet

-Kvantitetsteorien

-Renteparitet

-Kostnader ved inflasjon

Konjunkturar

-Tilbod og etterspurnad i varemarknaden

-Tilbod og etterspurnad i pengemarknaden

-IS-MP-modellen: Likevekt i vare- og pengemarknaden

-Finans- og pengepolitikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Erling Steigum: ”Moderne makroøkonomi”. Gyldendal akademiske Forlag