Kurset tek sikte på å gje studentane ei forståing av kva logistikk er, og korleis vi best kan styre og leie dei ulike logistikkprosessane i eit føretak. Vidare skal kurset gje ei innføring i bruk av ulike kvantitative metodar for å rekna ut og optimera delar av logistikkstraumen.
Matematikk (MA6-100) og Samfunnsvitskapleg metode og statistikk (ME6-200) .
Logistikk har eit fokus på straumen av varer og tenester frå råvarekjeldene til sluttbrukar. Det omfattar ulike perspektiv på denne straumen. Emnet tek sikte på å gje studentane ei innføring i problem som knyter seg til ulike ledd i distribusjonskjeda: Innkjøp og forsyning, lagring, produksjons- og distribusjonsplanlegging og utforming av transportløysingar.
For å studere desse problema kan vi gå heilt ned på eit operativt nivå og søkja å optimera ulike storleikar slik som bruken av einskilde maskiner, lagring av varer eller optimering av transportstraumen inn og ut av verksemda. I dette perspektivet vert det mest nytta kvantitative, matematiske metodar og utrekningar. Nokre av modellane er felles med operasjonsanalyse.
Vi kan også sjå på heile varestraumen frå leiinga sin ståstad. På dette nivået vert vi meir opptekne av ulike styringsprinsipp. Fokus vert retta mot integrasjon mellom dei ulike ledda innafor verksemda, men ser også på integrasjon mellom ulike aktørar i leveringskjeda. Med dette perspektivet trekker logistikken på ulike fag som organisasjon og leiing, marknadsføring og strategi.
Kurset legg opp til ei fordeling mellom kvantitative, matematiske metodar og kvalitative, leiingsretta metodar på ca. halvparten for kvar del.
Førelesingar og løysing av oppgåver.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Pensum vert oppgitt ved oppstart av emnet.