Obligatorisk emne 1. semester for bachelor i turisme og reiseliv og års studium i turisme og reiseliv.
Haust, 1. semester.
Emnet skal gi studentane ei innføring i kva reiselivsfag handlar om sett frå ulike fagområde, Korleis den historiske utviklinga har vert. Plassere reiseliv som fenomen og næring i regional, nasjonal og internasjonal samanheng. Samt sjå på reiselivet i eit geografisk perspektiv.
· Begrepsavklaringer og definisjonar
· Reiselivshistorie
· Sosiologiske,og samfunnsmessig tilnærming til reiselivet
· Reiseliv og kulturforståing
· Reisemønster
· Reiselivet i eit geografisk perspektiv
· Jobbar og funksjonar i reiselivet
Undervisninga vil variere mellom vanlege førelesingar, gjesteførelesingar og øvingsoppgåver.
Kurset inneheld ein ekskursjon på 1 til 2 dagar med obligatorisk deltaking.
Det skal leverast inn ei oppgåve (arbeidskrav) til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på maksimum tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Turisme: fenomen og næring (Jens Kr. Steen Jacobsen og Arvid Viken, Gyldendal, 2. utg. 2002, 2. opplag 2004). Diverse utdelt materiale.