Obligatorisk emne 4. semester for bachelor i reiseliv.
Vår, 4. semester.
Studentane skal få innføring i kva det inneberer å planlegge og styre reiselivsføretak med fokus på økonomiske og administrative verktøy. Førebu drøftingar av- og tilrå avgjerder knytt til produktutvikling, investering og finansiering er sentrale emne. Emnet har fokus på verdiskaping og utvikling ved hjelp av marknadsorientert produktutvikling og økonomistyring. Studentane skal òg kunne analysere rekneskapstal for reiselivsføretak, og m.a. leggje opp driftsplanar med utgangspunkt i desse.
Tidlegare reiselivsfag, BØ6-101 Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi, OR6-100 Marknadsføring og Marknadsføring av reiselivsføretak.
Emnet vil leggje hovudvekt på rekneskaps- og investeringsanalyse, driftsplanlegging og budsjettering med spesielt sikte på sesongproblematikk og segmentering av ulike kundegrupper.
Førelesingar, gjesteførelesingar, case-studiar, øvingsoppgåver.
Emnet inneheld ein ekskursjon på 7 til 10 dagar med obligatorisk deltaking.
Det skal leverast inn 1 oppgåve til godkjenning. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.
Heimeeksamen over 7 dagar, idividuelt eller i gruppe på 2 – 3. Det vert gitt ein samla karakter for gruppa. Bokstavkarakter.
Vert lagt fram ved studiestart.