Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE6-300 Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i opplevingsturisme  

RE6-300 Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i opplevingsturisme

Kode
RE6-300

Namn
Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i opplevingsturisme

Studiepoeng
30.00

Kategori
Valemne.

Tid
Haust, 5. semester.

Mål for emnet

Målet med praksisopphaldet er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med sider ved reiselivsnæringa knytt til valde fordjupingsretning.

Forkunnskapar

Tidlegare reiselivsemne og fordjupingsemne.

Innhald / oppbygging

Arbeidsoppgåvene skal vere varierte, og stå i forhold til den kompetansen studenten har. Praksisopphaldet kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda, eller til gjennomføring av særskilde prosjekt. Praksisen skal knytast til innhaldet i fordjupingsretninga.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe eigna praksisplass. Plassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen. Det skal inngåast avtale om regelmessig rettleiing og oppfølging under praksisopphaldet.

Arbeidskrav

Obligatorisk oppmøte på praksisstaden. Arbeidsmengde tilsvarande 37,5 timer pr. veke i 18 veker inklusiv skriving av praksisrapport.

Sluttvurdering

Praksisrapport i samråd med fagleg rettleiar. Vurdering vert gjort som greidd/Ikkje greidd.