Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i marknadsføring og kundekontakt
Haust, 5. semester.
Målet med praksisopphaldet er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med sider ved reiselivsnæringa knytt til valde fordjupingsretning.
Tidlegare reiselivsemne og fordjupingsemne.
Arbeidsoppgåvene skal vere varierte, og stå i forhold til den kompetansen studenten har. Praksisopphaldet kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda, eller til gjennomføring av særskilde prosjekt. Praksisen skal knytast til innhaldet i fordjupingsretninga.
Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe eigna praksisplass. Plassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen. Det skal inngåast avtale om regelmessig rettleiing og oppfølging under praksisopphaldet.
Obligatorisk oppmøte på praksisstaden. Arbeidsmengde tilsvarande 37,5 timer pr. veke i 18 veker inklusiv skriving av praksisrapport.
Praksisrapport i samråd med fagleg rettleiar. Vurdering vert gjort som greidd/Ikkje greidd.