Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi  

RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi

Kode
RE6-202

Namn
Marknadsanalyse og merkevarestrategi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne 4. semester for bachelor i turisme og reiseliv med fordjupingsretning i opplevingsturisme eller marknadsføring og kundekontakt.

Tid
Vår, 4. semester

Mål for emnet

Hovudmålet er å gje kunnskap om metodar som kan gje betre grunnlag for avgjerder i bedrifter, organisasjonar og føretak i reiselivet. Etter fullført kurs skal studentane ha kunnskap om sentrale marknadstilhøve og kjenne metodar som set dei i stand til å vurdere og tolke marknadsanalysar, utviklingstrekk og reiselivsstatistikk. Dei skal ha innsikt i korleis ein skal gå fram for å skaffe fram informasjon om kundar, konkurrentar og omgjevnaden elles. Emnet vil også gje ei innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar innan merkevarebygging og merkevareleiing.

Forkunnskapar

Emnet byggjer på OR6-101 Organisasjonskunnskap, OR6-100 Marknadsføring, Marknadsføring av reiselivsføretakog ME6-200 Samfunnsvitskapeleg metode og statistikk.

Innhald / oppbygging

Emnet bygg vidare på omgrep og modellar som er omhandla i emna OR6-100 Marknadsføring og Marknadsføring av reiselivsføretak. Emnet utvidar kunnskapen om utvalde marknadsspørsmål og marknadsanalyse. Planlegging av- og forståing for av kvalitative og kvantitative marknadsundersøkingar er tillagt stor vekt. Innafor merkevareleiing kjem ein innom tema som: historia til merkevara, val av merkevarestrategi, analyse av merkevara m.m.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid, øvingar.

Arbeidskrav

Studentane må framføra ein studentpresentasjon i løpet av semesteret. Innhaldet i presentasjonen skal vera relatert til fordjupingsretning. Faglærar står for godkjenning av oppgåva.

2 oppgåver til innlevering undervegs i studiet. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Vert lagt fram ved studiestart.