Obligatorisk emne 4. semester for bachelor i turisme og reiseliv med fordjupingsretning i opplevingsturisme.
Vår, 4. semester
Emnet skal gi kunnskap om- og oversyn over ressursgrunnlaget knytt til natur og kulturbasert reiseliv med vekt naturressursar generelt og kulturressursar knytt til kulturspor (kulturlandskapet, kulturminne, kulturmiljø, lokal kultur og kulturhistorie, verneverdige bygg og landområde, arkitektur o.l.) og korleis desse kan utviklast som berekraftige aktivitets-, opplevings og reiselivstilbod.
Emnet bygg på obligatoriske reiselivsemne for bachelor i turisme og reiseliv.
Sentralt i undervisninga vil vere å gi studentane eit oversyn over natur- og kulturressursane og ei forståing av korleis desse utviklast som reiselivstilbod. I denne samanheng vil natur- og kulturarven og dei menneskelege ressursane ein rår over i dag, vere viktige. Fylgjande emne er sentrale i emnet:
·Innføring i ressursgrunnlaget for reiseliv – natur og kulturressursar knytt til reiselivet
·Oversyn over ulike former for natur- og kulturbasert turisme – ”soft-adventure”, ”hard adventure” og bruk av kulturarv og kulturspor
·Kopling mellom natur, kultur og reiseliv - kommersialisering og verdiskaping i eit berekraftig perspektiv
Emnet legg vekt på utvikling og verdiskaping knytt til berekraftig bruk av natur- og kulturarven i reiselivs-samanheng.
Ein vil veksle mellom førelesingar, gruppeøvingar og feltekskursjonar/-arbeid.
Emnet inneheld 1-2 ekskursjonar på 1 til 3 dagar med obligatorisk deltaking.
Det skal leverast inn ei oppgåve til godkjenning. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. Faglærara står for godkjenning av oppgåva.
Avsluttande skriftleg, individuell eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Vert lagt fram ved studiestart