Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE6-203 Produkt- og reisemålsanalyse  

RE6-203 Produkt- og reisemålsanalyse

Kode
RE6-203

Namn
Produkt- og reisemålsanalyse

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne 4. semester for bachelor i turisme og reiseliv med fordjupingsretning i marknadsføring og kundekontakt.

Tid
Vår, 4. semester

Mål for emnet

Emnet gir kunnskap om produkt- og reisemålsanalysar som grunnlag for tilråding av produktutviklings- og marknadstiltak for bedrifter og/eller reisemål. Emnet skal setje studentane i stand til å

•beskrive og vurdere reiselivstilbodet/produktet innafor eit vald reisemål eller reiselivsbedrift

•beskrive og vurdere produktet i forhold til ulike reisandekategoriar

•førebu og tilrå val av målgruppe(r) for eit vald reisemål eller bedrift

•førebu og kommentere analyse av korleis reisemålet eller bedrifta står seg i konkurransen med tilsvarande aktørar/konkurrentar

•legge fram ein grunngjeven plan for utvikling av tilbodet ved reisemålet eller bedrifta

Forkunnskapar

Obligatoriske reiselivs-, marknadsførings- og organisasjonsfag for bachelor i reiseliv.

Innhald / oppbygging

Emnet bygg på teoriar og døme innafor produkt- og reisemålsanalyse knytt til kunnskap om ulike marknads-segment i reiselivet og strategisk planlegging: produktteori, attraksjonsteori, destinasjonsteori, regionaliseringsteori og segmentspesifikk turistanalyse.

Undervisnings- og læringsformer

Case- og prosjektretta undervisning, prosjektoppgåver, rettleiing, problembasert læring med deltaking av fleire lærarar.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn 2 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. Faglærara står for godkjenning av oppgåva.

Sluttvurdering

Individuell skriftleg eksamen, 5 timar: Bokstavkarakter.

Pensum

Vert lagt fram ved studiestart.