Obligatorisk emne 5. semester for bachelor i turisme og reiseliv med fordjupingsretning i opplevingsturisme.
Haust, 5. semester
Emnet skal gi kunnskap om bygdeturismebegrepet, bakgrunnen for fenomenet og kva hovudkategoriar av bygdeturisme ein opererer med. Vidare skal studenten ha kjennskap til samarbeidsformer, marknadsorientert produktutvikling og vertskapsrolla, kvalitetssikring og prissetting, rammebetingelsar og offentlege støtteordningar knytt til bygdeturisme.
Emnet bygg på obligatoriske reiselivsemne for bachelor i reiseliv og fordjupingsemnet Natur og kulturbasert reiseliv.
Fylgjande emne er sentrale i emnet:
·Bygdeturisme: begrepsavklaring og historikk
·Samarbeidsformer og organisering
·Marknadsorientert produktutvikling - personleg tilnærming og vertskapsrolla som element i produktutvikling
·Kvalitetssikring og prissetting
·Rammebetingelsar for bygdeturisme
·Offentlege støtteordningar i Norge og bygdeturisme i eit internasjonalt perspektiv
·Bedriftsbesøk med opgåveskriving
Emnet legg vekt på utvikling og verdiskaping innafor bygdeturisme og små reiselivsføretak.
Førelesingar, gjesteforelesingar, bedriftsbesøk og casestudie.
Emnet inneheld 2-3 obligatoriske bedriftsbesøk/ekskursjonar.
Det skal leverast inn 2 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. Faglærara står for godkjenning av oppgåva.
Skriftleg eksamen 5 timar. Bokstavkarakter.
Vert lagt fram ved studiestart