Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / MA300 MATEMATIKK , Dnett , Rammeplan 2003  

MA300 MATEMATIKK , Dnett , Rammeplan 2003

Kode
MA300

Namn
MATEMATIKK , Dnett , Rammeplan 2003

Studiepoeng
30.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga.



Tid
2. og 3. studieår

Mål for emnet

Studiet skal gi bakgrunn for å undervise i matematikk i grunnskulen på ein fagleg trygg og reflektert måte og for å kunne utvikle kunnskapar og arbeidsmåtar i faget.

Forkunnskapar

Emnet byggjer på grunnkurset i matematikk (første året) i den vidaregåande skulen.

Innhald / oppbygging

Fagleg og fagdidaktisk kunnskap i desse emna:
- Tallære
- Algebra og funksjonslære
- Geometri
- Statistikk og sannsynsrekning.

Undervisnings- og læringsformer

Det er undervisning i grupper av ulik storleik og individuelt arbeid. IKT er eit viktig læringsverktøy.

Praksis

Sjå eigen arbeidsplan for praksis.

Arbeidskrav

8 arbeidskrav. Av desse er det
- 1 stk. tverrfaglig samarbeid i gruppe ved oppstarten av studiet
- 2 stk. refleksjonsnotat i gruppe i høve praksis (1. og 2. semester)
- 1 stk. praksisrapport i gruppe (3. semester)
- 4 stk. individuelle arbeid

Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld vil gå fram av arbeidsplanen.

Sluttvurdering

Endring etter dekanvedtak 26.09.2005:
2. studieåret: Vårsemesteret
MA 300 501 Individuell, skriftleg eksamen.
Eksamenstid: 5 timar
Vekting: 50 %

3. studieåret: Haustsemesteret
MA 300 502 Individuell, skriftleg eksamen.
Eksamenstid: 5 timar
Vekting: 50 %

Pensum

Førebels pensumliste skal liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlister ligg på matematikkseksjonen sine internettsider.