ID3-105 Treningslære

Kode
ID3-105

Namn
Treningslære

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett og obligatorisk emne i betalingsstudiet Trenarutdanning

Tid
vår

Mål for emnet
  • Tileigne seg kunnskap om grunnleggjande omgrep og teoriar nytta i treningslæra
  • Kunne gjere greie for omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelegheit
  • Tileigne seg kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening
  • Tileigne seg kunnskap om korleis fysiologiske og psykologiske prosessar påverkar våre val i idrett og fysisk aktvitet, og vår idrettslege prestasjonsevne
Innhald / oppbygging

Treningslæra er tverrfagleg. Den kombinerar praktisk erfaring og praktisk utføring frå dei ulike idrettane med stoff frå støttefag som anatomi, fysiologi og psykologi.

Emne som blir teke opp er treningsprosessen med mål, arbeidskrav - og kapasitetsanalyse, treningsprinsipp, treningsplanlegging, testing, evaluering og justering av planar, treningsmetodar i uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelegheit, intensitetsstyring og prestasjonsbestemmande faktorar.

Støttefaget fysiologi tek opp sirkulasjon - og respirasjonssystemet, nervesytsemet og energifrigjeringssytemet sin verknad på vår fysiske yteevne.

Støttefaget idrettspsykologi tek opp spenningsregulering, visualisering, konsentrasjon, motivasjon og målsetjing, konkurranseførebuing, igangsetjing og vidare trening av mentale ferdigheiter.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Teoretisk og praktisk gjennomgang av fagstoffet.

Arbeidskrav

Framføring og oppgåveløysing i emnet

Sluttvurdering

ID3-105 Treningslære: Skriftleg individuell eksamen.
Eksamenstid: 5 timar

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.