Obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett
Tileigne seg kunnskap om den fysiske aktivitet sin plass og funksjon i skule og samfunn og den tyding det kan ha for det enkelte individ.
Utvikle evne til å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og tilpassa opplæring.
Fysisk aktivitet - kroppsøving - idrett. Kroppsøvingsfaget si historie og utvikling. Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk. Lærarrolla i kroppsøvingsfaget - instruktørrolla i idrett. Planleggingsarbeid. Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp. Tilpassa opplæring. Vurderingsarbeid i kroppsøvingsfaget.
Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dette emnet vil det vere ei blanding av teoretiske og praktiske timar. I dei praktiske timane er det studentane som har leiingsansvaret for å få erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av praktisk opplegg.
Ordinært studium: 2 veker i vårsemesteret. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.
Desentralisert studium: 30 timar
Vårsemesteret
ID3-103 Undervisningslære, praksis: Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 3 timar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.