Obligatorisk emne i ”Idrett, fysisk aktivitet og helse, 2. år bachelor”
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om:
- politiske planar om folkehelsearbeid
- generelle tilrådingar for fysisk aktivitet for friske
- gjenomføring av ulike typar fysisk aktivitet for friske med fokus på instruktørrolla
- arbeidsoppgåvene i eit treningsstudio (praksis)
- dei psykologiske prosessane som ligg bak helseåtferd, ulike modellar for helseåtferd, og kunne vurdere korleis desse kan brukast i praktisk arbeid
- gjennomgang av politiske planar
- teoriar om fysisk aktivitet og endring av åtferd
- teoriar om personlegdom, stress og meistring, eldre, aldring og fysisk aktivitet
- instruktørrolla
- treningsrettleiing
- yrkespraksis
Aktuelle praktiske aktivitetar : aerobic, spinning, vannaktivitetar, stavgang, basistrening, fotturar, sykkel og styrketrening.
Førelesningar, diskusjonar, praktisk arbeid, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane får framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet.
5 dagar praksis i treningsstudio.
Godkjent yrkespraksis og obligatoriske oppgåver. Praktisk undervisning er obligatorisk og studentane må ha godkjent deltaking.
ID3-213 Folkehelsearbeid og helsepsykologi: Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 5 timar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15 september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.