Emneområdet er ein obligatorisk del av ein mastergrad i spesialpedagogikk
Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten tileigne seg vitskapleg kompetanse for kritisk vurdering av spesialpedagogisk forsking og for sjølv å kunne gjennomføre forsking.
Gjennomført 1. år av masterstudiet (fordjuping og rådgjeving og innovasjon)
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet. Arbeidet skal omfatte planlegging, gjennomføring og utskriving av ei masteroppgåve der studenten viser innsikt i aktuell forsking, teoriar og metodar med relevans til problemstillinga til oppgåva. Masteroppgåva kan også knyttast til eit fagleg utviklingsarbeid.
Det vert arrangert spesielle kurs som vert knytt til ulike delar av arbeidet med masteroppgåva, som t.d. bruk av programvare for analyse av data, presentasjon og formidling av eige forskingsprosjekt.
Arbeidet med masteroppgåva skjer under rettleiing. Det vert gitt inntil 14 timar rettleiing eksl. tida rettleiar brukar til førebuing og etterarbeid. Rettleiing vert gitt både i gruppe og individuelt.
Masteroppgåva vert vurdert etter ein karakterskala med fem trinn frå A til E for bestått med A som beste karakter, og F for ikkje bestått.