Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga etter Rammeplan av 2003.
4. semesteret, heiltid og 6. semester, deltid.
Studentane skal få styrkt sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunna gjennomføra grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring på småskulesteget. Dei skal også utvikla vidare dugleiken i å vurdera kvaliteten i opplæringa
Studiet byggjer på grunnutdanninga i dei obligatoriske faga norsk, matematikk og pedagogikk og omfattar teoretisk kunnskap, praksiserfaring, fagleg utvikling og didaktisk refleksjon. Studiet har fokus på tre hovudområde:
- Arbeid med omgrep og ordtilfang
- Arbeid med lesing, skriving og matematikk i og på tvers av fag
- Organisering og samarbeid
Studiet tek utgangspunkt i praksisfeltet og sentrale tema knytt til begynnaropplæringa, som til dømes: arbeidsmåtar og aktivitetar, organisering av arbeidet, om å knekke lesekoden, om leseprosessen, barns forståing av matematiske omgrep, førebygging av lese-, skrive - og matematikkvanskar, kartleggingsmateriell og bruk av IKT. Ein vil også prøve å trekkje inn aktuelle debatt-tema.
Studentane skal (i grupper) førebu og gjennomføra eit praksisretta prosjekt som er knytt til den grunleggjande lese-, skrive og matematikkopplæringa. I samband med prosjektarbeidet skal studentane ha obligatorisk før-rettleiing og tilbod om rettleiing undervegs av faglærarar på høgskulen og øvingslærarar i grunnskulen. Det vil også vere førelesingar og arbeid i mindre grupper, både av faga samla og enkeltvis
4 veker praksis på småskulesteget. Regionssamling med vekt på didaktisk refleksjon
Obligatorisk frammøte til all undervisningsaktivitet og prosjektarbeid
Greidd praksis
GL 300 Prosjektrapport i gruppe. Munnleg presentasjon i gruppe av problemstillingar som har utgangspunkt i den skriftlege rapporten frå praksisprosjektet. Individuell karakter etter ei samla vurdering av rapport og presentasjon.
Pensumliste skal liggja føre minst ei veke før GLSM-kurset startar