Kode
PE305
Namn
PEDAGOGIKK I ALLMENNLÆRARUTDANNINGA - DNETT, rpl.2003
Studiepoeng
30.00
Kategori
Obligatorisk fag i den 5-årige allmennlærarutdanninga
Tid
1. studieår: 10 studiepoeng
2. studieår: 15 studiepoeng
3. studieår: 5 studiepoeng
Mål for emnet
Målet er å utvikle studentane sitt pedagogiske og personlege grunnlag for å arbeide som lærarar i grunnskulen.
Dei tre definerte målområda er fordelt på dei tre studieåra med gjennomgåande spiralperspektiv.
Første studieår:
1) Læraren, eleven og opplæringa og
2) Læraren, eleven og organisasjonen
Andre og tredje studieår:
Læraren og eleven i samfunnet
Innhald / oppbygging
Profileringa dei fire semestera er lagt opp slik:
1. semester: Elev, lærar, læringsmiljø
2. semester: Elev, lærar, skule
3. semester: Elev, lærar, samfunn
4. og 5. semester: Lærar og skule i utvikling og fornying
I møtet mellom desse målområda, praksisoppgåver og profilering blir tema for arbeid innan pedagogikkfaget til. I haustsemesteret 3. studieår, skal studentane gjennomføre eit utviklingsarbeid. Vidare konkretisering av innhaldet i studiet ligg i semesterplanane og måldokumenta.
Undervisnings- og læringsformer
Fire prinsipp er basis for val av arbeidsformer:
1. Variasjon når det gjeld læringsarena og aktivitet.
2. Problemorientering gjennom erfaringssnære og praksisrelevante
spørsmål. Fire verktøy er sentrale i problembasert læring (PBL):
• Måldokument
• Referat
• Læringskontrakt
• Vurdering
3. Eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppesamanhengar, basis, seminar, førelesing, prosjekt og praksis.
4. Yrkesrelevante arbeidsformer gjennom aktivitetar som førebur til yrket.
Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar.
IKT blir nytta som informasjons-, kommunikasjons-, arbeids-, og læringsverktøy i studiet.
Praksis
Pedagogikkfaget er med på førebuing, regionsamlingar og etterarbeid alle studieåra i samsvar med arbeidsplanen for praksis.
Arbeidskrav
- Kurs- og temadagar med tverrfagleg/tverretatleg innhald, jf. arbeidsplan og årsplan
- Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid
- Obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld går fram av arbeidsplan for faget
- Eit refleksjonsnotat kvart semester:
- 1. semester: Tverrfagleg samarbeid om oppstart av studiet
- 1. semester: Individuell skriftleg oppgåve
- 2. semester: Individuelt, munnleg arbeid
- 3. semester: Skriftleg gruppeoppgåve
Sluttvurdering
1. studieår: Vårsemesteret
PE305 301 Individuell, skriftleg heimeeksamen
Eksamenstid: 3 dagar
Vekting: 20 %
2. studieår: Vårsemesteret
PE305 302 Skriftleg, individuell eksamen
Eksamenstid: 6 timar
Vekting: 40 %
3. studieår: Haustsemesteret
PE305 304 Rapport frå det pedagogiske utviklingsarbeidet
Vekting 20%
PE305 305 Munnleg gruppeeksamen
Utgangspunkt i problemstillingar frå det pedagogiske utviklingsarbeidet
Vekting: 20 %
Pensum
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. I tillegg til det fastlagde pensumet, skal studenten kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg ensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.
Pensumlistene ligg på Classfronter