Fleirkulturell forståing del 2: Språkopplæring og fagopplæring på andrespråket.
Undervisninga vekslar mellom arbeid på Fronter, lokale samlingar og individuelt arbeid. Det er grunnleggjande for studiet å ta del i samlingane og delta aktivt i utforming av og rettleiing på gruppearbeidet til det pedagogiske utviklingsarbeidet.
LI336 001 Prosjektrapport. Eit pedagogisk utviklingsarbeid knytt til eigen arbeidsplass, skal innleverast skriftleg som gruppeoppgåve.
Vekting: 60%
LI336 002 Mappeeksamen
Arbeidsmappe: To skriftlege individuelle tekstar som må vera godkjende for at studenten får gå opp til eksamen. Arbeidskrava skal leverast på Fronter. Presentasjonsmappe: det vert trekt eitt av dei to individuelle arbeid frå arbeidsmappa.
Vekting: 40%
Rettleiande liste kjem ved studiestart