Studentane skal tileigne seg kunnskapar og innsikt om dei psykologiske prosessane som ligg bak helseåtferd. Dei skal kjenne til ulike modellar for helseåtferd, og kunne vurdere korleis desse kan brukast i praktisk arbeid.
Fullført 1.år bachelor idrett eller tilsvarande kompetanse.
Motivere for å starte med, og bli verande fysisk aktiv. Teoriar omkring fysisk aktivitet og åtferdsforandring. Personlegheit. Stress og meistring. Eldre, aldring og fysisk aktivitet. Helseeffektar av fysisk aktivitet.
Førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar.
Ei individuell oppgåve må vere godkjent
Haustsemester
ID3-306 Skriftleg individuell eksamen, 3 timar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart og endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15.september og for vårsemesteret 15. februar.