Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet  

ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet

Kode
ID3-305

Namn
Tilpassa fysisk aktivitet

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk emne i tredje år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse.

Tid
Haustsemesteret

Mål for emnet

Studentane skal:
- ha kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan brukast som opptrening etter skade og sjukdom
- få erfaringar i eit utval aktivitetar som kan brukast som opptrening
- kunne setje opp treningsprogram som skal vere individuell tilpassa
- få erfaring som instruktør og trenar

Forkunnskapar

Fullført 2. år bachelor idrett eller tilsvarande utdanning

Innhald / oppbygging

Fysisk aktivitet brukt som førebygging og opptrening knytt til hjarte/kar, lunge, reumatologi, osteoporose, nevrologi, ryggmargsskade, smerte med fl.

Øvingsutval og dosert trening i forhold til ulike brukarar.
Aktivitets- og rørslelære, tilrettelegging og formidling (obligatorisk).
Praksis, 100 arbeidstimar (obligatorisk).

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vere både teoretisk og praktisk. Det vert lagt opp til individuelt arbeid og gruppearbeid i både munnleg og skriftleg form.

Praksis

Praksis 1:
Treningsrettleiing 10 timar, organisert som punktpraksis.
Læringsmål:
Studentane skal kunne utarbeide treningsprogram, rettleie under trening og styre progresjon i treninga for brukarar med ulike diagnosar; t.d. reumatiske sjukdomar, hjerte-/lungelidingar, nevrologiske lidingar og muskel-/skjelettlidingar.

Loggbok skal førast under heile praksisperioden. Studentane skal ha 4 timar rettleiing. Rettleiar disponerar desse timane saman med studentane.
I oppsummeringa skal studentane diskutere praksiserfaringar og teoretiske kunnskapar både i plenum og i grupper. Dette vert gjennomført ved at studentane arbeider seg gjennom oppgåver som vert utlevert og som er eksamensrelaterte. Loggbok skal leverast til godkjenning. Praksisen vert vurdert til bestått/ikkje bestått (både gjennomføring og loggbok må vera bestått).

Praksis 2:
Førebyggjande og helsefremjande arbeid, 3 veker.

Læringsmål:
Studentane skal kunne planleggje og gjennomføre ulike arbeidsoppgåver der fysisk aktivitet som helsefremjande og/eller førebyggjande tiltak er fokus. Studenten skal påverke kva retning han ønskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å ønskje seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av HSF Idrett.
Studenten skal utarbeide rapport med innhaldet:
- presentasjon av praksisplassen
- studenten sitt praksisansvar
- studenten sin utfordring
- formulere ei problemstilling frå praksisperioden og diskutere korleis den er løyst
- kva kunnskap, innsikt og erfaring sit studenten att med

Gjennom to samlingar skal studentane leggje fram praksiserfaring og diskutere med gruppa problemstillinga i rapporten.
Praksisen vert vurdert til bestått/ikkje bestått, der både praksisrapport, gjennomføring og presentasjon må vere bestått.

Arbeidskrav

Studentane må godkjent praksis 1 og 2.
Oppmøte til obligatorisk undervisning

Sluttvurdering

Haustsemester:
ID3-305 Praktisk metodisk eksamen – individuell. Studentane får utlevert eksamensoppgåvene som er mogeleg å trekke til den praktiske delen av eksamen ca. ein mnd. før eksamen. På eksamensdagen trekker kandidaten ei av desse oppgåvene ein ½ time før dei skal opp. Under eksamen får studenten ca. 20 min til den praktiske oppgåva og ca.15 min der han blir eksaminert frå pensum

Pensum

Bahr, Roald og Mæhlum, Sverrre: Idrettsskader (ny utgave) s. 27- 411

Bø, Kari: Gravid og nybakt mor: I god form med stor mage, de beste treningstipsene, spreketter fødselen, sunn mat for to, styrkeøvelser 1999 Cappelen, NIF, Olympiske komite (63 sider)

Mæland, John G.: Helhetlig hjerterehabilitering

Høyskoleforlaget 1995. ISBN 82-7634-018-0 (140 sider)

Sosial og Helsedirektoratet: Fysisk aktivitet for mennesker

med funksjonsnedsettelser, Rapport, s.9-28, 57-59, 61-72, 84-98, 105-111 (64 sider)

Kissow A-M. Therkildsen B.: Kroppen som deltager. Idræt og bevegælse i rehabiliteringen. Handicapidrettæns Videnscenter, 2006. (sider ?)

Å leve med lungesykdom, Landsforeningen for hjerte-og lungesyke (31 sider)

Støttelitteratur:

Østerås H, Stensdotter A-K.: Medisinsk treningslære, Gyldendal Norsk Forlag AS 2002

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart og endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15.september og for vårsemesteret 15. februar.