Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID3-311 Friluftsliv og psykisk helse  

ID3-311 Friluftsliv og psykisk helse

Kode
ID3-311

Namn
Friluftsliv og psykisk helse

Studiepoeng
15.00

Kategori
Valemne i bachelor friluftsliv og bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse

Tid
Vår

Mål for emnet

Studentane skal få både praktisk og teoretisk innføring i pedagogisk arbeid med ulike brukargrupper. Studentane skal kunne legge til rette for friluftsliv og friluftslivsaktivitetar til brukargrupper innan psykisk helse.

Forkunnskapar

Fullført 1. år idrett eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

Gjennom emnet skal studenten:
- Tilegne seg kunnskap om korleis legge til rette aktivitetar i friluftsliv for personar med spesielle behov og kva omsyn ein bør ta
- Tilegne seg kjennskap til friluftsliv i eit helseperspektiv i høve til brukarar innan psykisk helse (til dømes rusmisbrukarar, kriminalomsorg og ungdom med åtferdsproblem, depresjon, angst)
- Lære om bruken av friluftsliv i nærmiljøet med fokus på vinter og vår
- Tileigne seg kunnskap om naturverdiar i eit helseperspektiv

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mykje av lærestoffet skal bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Loggar vil verte brukt i samband med ekskursjonar.

Praksis

Gjennomføring av eit friluftslivsarrangement

Ekskursjonar

- Vintertur, 2 dagar
- Isfiske, 3 dagar
- Vår tur, 3 dagar

I samband med ekskursjonar må studentar ved HSF vera budd på å betala ein eigenandel. Vi syner til HSF sitt fellesreglement for dekking av bu- og reiseutgifter: www.hisf.no/ali/praksis

Arbeidskrav

- Gjennomførte ekskursjonar og obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Godkjenning av turlogg
- Godkjenning av eit skriftleg arbeid

Sluttvurdering

Vårsemester
ID3-311 Individuell skriftleg eksamen
Tid: 5 timar

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.