Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / PE329 Pedagogikk i førskulelærarutdanning - deltid.  

PE329 Pedagogikk i førskulelærarutdanning - deltid.

Kode
PE329

Namn
Pedagogikk i førskulelærarutdanning - deltid.

Studiepoeng
45.00

Kategori
Obligatorisk fag i 3-årig førskulelærarutdanning. Rammeplan 2003.

Tid
1. studieår: 15 studiepoeng
2. studieår: 5 studiepoeng
3. studieår: 8 studiepoeng
4. studieår: 17 studiepoeng



Mål for emnet

Gjennom studiet skal studentane bli fortrulege med dei ulike ansvarsområda innan yrkesfeltet, som inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med leiing av pedagogisk arbeid i barnehagen og det første året i grunnskulen. Førskulebarn skal vere sentrum i det faglege arbeidet med studiet. Faget er profesjonsdannande og har ein samanbindande funksjon i utdanninga. Utdanninga har natur, kultur og uteaktivitet som ein fagleg profil, og dette innverkar på undervisninga i emnet .

Innhald / oppbygging

Pedagogikk er eit mangesidig fag som omfattar mellom anna didaktikk, filosofi, psykologi og sosiologi. Pedagogikkfaget har eit overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i førskulelærarutdanninga, og ei fagleg kopling til praksisopplæringa. I rammeplan for førskulelærarutdanninga er studiet i pedagogikk delt inn i fem område:

• Fagleg kompetanse
Ein førskulelærar skal vere i stand til å bruke og analysere utviklings-, lærings, sosialiserings- og samspelsprosessar i barnehagen ut frå eit mangfald av perspektiv. Den faglege kompetansen skal gjere førskulelærarar i stand til å leie medarbeidarar og samarbeide med andre instansar. Faget skal i tillegg ruste og motivere førskulelærarane til å halde seg fagleg oppdatert og ha inspirasjon og samarbeidsglede i eit langt yrkesliv.

• Didaktisk kompetanse
Førskulelæraren skal kunne ta vare på små barn sin spontanitet og kreativitet og deira behov for leik, omsorg og læring. Barnehagekvardagen ber preg av dei ressursane som finst i det einskilde barnet, i barnegruppa, i personalgruppa, i barnehagen sine øvrige rammer og føresetnader og i miljøet omkring.

• Sosial kompetanse
Dersom utviklings-, lærings-, og samspelsprosessar skal verte vellukka, krev det gode og aktive sambandsliner mellom førskulelærarar, barn, foreldre/føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar.

• Endrings- og utviklingskompetanse
Eit dynamisk samfunn i stadig endring føreset at førskulelærarar er i stand til å leie, analysere, reflektere over, og handle i forhold til utviklings- og endringsprosessar. Dei må vere nyskapande i det pedagogiske arbeidet og samtidig kunne vurdere kva som er det beste for barna. Idear om nyskaping må vere bygd på fagleg innsikt i barn sine behov, barnehagen sine tradisjonar og nye forventningar frå foreldre/føresette og frå samfunnet.

• Yrkesetisk kompetanse
Å arbeide som førskulelærar inneber stadige valsituasjonar og svært mange av vala har etiske implikasjonar. Den yrkesetiske kompetansen må difor gjennomsyre alt arbeid i barnehagen. Ein førskulelærar må også kunne forklare og grunngje val, prioriteringar og handlingar ovanfor barn , foreldre/føresette, og kollegaer.

FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og oppvekst (9 sp)
- barnehagepedagogikk; historie og utvikling
- lærings- og samspelsprosessar
- vaksen/barn relasjonar (inne-ute)
- sosialisering
- didaktisk arbeid

2. semester: Naturen som læringsarena (6 sp)
- leik, læring og utvikling
- barn sin eigen kultur (inne-ute)
- didaktisk arbeid knytt til natur og uteaktivitet

ANDRE STUDIEÅR
3. semester: Den kulturelle barnehagen (5 sp)
- kommunikasjon, personal- og foreldresamarbeid
- kulturelt mangfald
- spesialpedagogiske tema
-didaktisk arbeid i den kulturelle barnehagen

4. semester: UTEFAG – Vinter og vår

TREDJE STUDIEÅR

5. semester: UTEFAG – Sommar og haust

6. semester: Barnehage og skule (8 sp)

- grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring
- didaktisk arbeid i fyrste klasse
- spesialpedagogiske tema
- barn i utsette livssituasjonar

FJERDE STUDIEÅR

7. og 8. semester: Profesjonalitet og samfunn (8 sp)

- leiing
- yrkesidentitet, etikk og profesjonalitet
- organisasjonsutvikling og rettleiing

8. semester: Bacheloroppgåve (9 sp)

Undervisnings- og læringsformer

Fagstudiet er organisert med vekesamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Aktuelle arbeidsformer på samlingane er førelesingar, arbeid og øvingar i mindre grupper. Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn inne og ute. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli .

Mellom samlingane føreset vi aktiv bruk av studentgruppene og førelesingane vil i stor grad leggje til grunn at det vert arbeidd etter ein plan mellom samlingane. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta aktivt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar, og mellom enkeltstudentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing). Internett må dessutan nyttast til å innhente relevant informasjon og kunnskap.

Sjå omtale av dei ulike tema i arbeidsplan for studiet.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over fire studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga/ samlingane i Sogndal
- Praksis, -førebuing og -etterarbeid
- Greidd praksis

1. studieår:
- Refleksjonslogg etter første samling
- Individuelle- og gruppeoppgåver (del av mappe)
- Tverrfagleg pbl-arbeid med tema Leik (pedagogikk, musikk ,fysisk fostring og naturfag m/ miljølære)
2.studieår:
- Individuelle- og gruppeoppgåver (m.a. skriftleg, praksisretta prosjekt )
3. studieår:
- Tverrfaglegpraksisprosjekt i lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)
4. studieår:
- ASF/ALI-samarbeid. Tema: Barn i utsette livssituasjonar
- Ei skriftleg oppgåve knytt til eit tverrfagleg tema

Sluttvurdering

1. studieår:
Vårsemester
PE329 701 Mappe: To arbeid (eit sjølvvalt og eit valt av faglærar)
Vekting: 15 %

2. studieår:
Vårsemester
PE329 702 Praksisretta prosjektrapport
Vekting: 15 %

3. studieår:
Vårsemester
PE329 703 Pedagogikk: Individuell, skriftleg eksamen
Tid: 6 timar
Vekting: 20 %
4. studieår:
Haustsemester
PE329 704 Pedagogikk: Munnleg eksamen i gruppe
Vekting: 20 %
Vårsemester
PE329 705 Bacheloroppgåve
Vekting: 30 %

BACHELOROPPGÅVE :
Bacheloroppgåva utgjer tilsaman 15 studiepoeng og er tyngdepunktet i 8.semester. Oppgåva er individuell og skal ha eit valt tema retta mot utdanningsprofilen. Oppgåverettleiing ved pedagogikklærar og faglærar. Pedagogikk har eit hovudansvar i arbeidet.

Tema for bacheloroppgåva skal stå på vitnemålet.

Pensum

Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til det fastlagde pensumet, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlista ligg på pedagogikkseksjonen sine internettsider