Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / FP332 700 Fagleg-pedagogisk studium i norsk - deltid.  

FP332 700 Fagleg-pedagogisk studium i norsk - deltid.

Kode
FP332 700

Namn
Fagleg-pedagogisk studium i norsk - deltid.

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk fag i 3-årig førskulelærarutdanning.Rammeplan av 2003.



Tid
3. studieår: 15 studiepoeng

Mål for emnet

I studiet skal studentane skaffe seg kunnskap og innsikt for å kunne
- stimulere talespråksutviklinga hos førskulebarna
- stimulere skriftspråksutviklinga og førebu barna til den systematiske lese- og skriveopplæringa i grunnskulen
- drive kulturformidling i samsvar med profilen for utdanninga
- kommunisere skriftleg og munnleg med foreldre, kollegaer og offentlege samarbeidspartnarar

Innhald / oppbygging

5. semester: Utefag – sommar og haust ( 5 stp)
- Kulturformidling i barnehagen
- Munnlege overleverte tekstar for barn
- Barnelitteratur med vekt på biletbøker

6. semester: Barnehage og skule (10 stp)
- Den munnlege språkutviklinga hos barn i førskulealder og korleis ein kan stimulere denne utviklinga
- Den skriftlege språkutviklinga hos barn i førskulealder og kva språkkompetanse barn må ha for å kunne lære seg skriftspråket
- Dei mest brukte lesemetodane i den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa i grunnskulen
- Abc-bøker og lesestoff som kan stimulera leseinteressa
- Øving i å halde munnlege innlegg og å skrive sakprega tekstar for vaksne

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er organisert med vekesamlingar i Sogndal og studiegrupper lokalt. Arbeidsformer på samlingane er førelesingar, studentaktive- og problembasertelæringsformer med arbeid individuelt og i grupper. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta, og læringsplattforma er Classfronter. Mellom samlingane ligg aktiv bruk av lokale studiegrupper og undervisninga vil i større grad enn elles leggje til grunn at det vert arbeidd etter einplan mellom samlingane. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar og mellom studentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing).
Teoretisk innsikt og opplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei skal planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn, både inne og ute.

I studiet er mapper elektoniske, om ikkje anna er sagt.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over fire studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Obligatorisk frammøte til samlingane i Sogndal
- Arbeid i lokale grupper
-Tverrfagleg praksisprosjekt i lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)
- Arbeidskrav knytte til dei ulike emna i norskstudiet
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Greidd praksis

Sluttvurdering

3. studieår: Vårsemesteret
FP 332 701 Norsk: Mappevurdering:
To individuelle tekstar, ein i emnet kulturformidling og ein i emnet språkutvikling og språkstimulering. Den eine teksten skal vere på nynorsk, den andre på bokmål.
Vekting: 25 %

FP 332 702 Norsk: Munnleg eksamen i gruppe knytt til eit tverrfagleg praksisprosjekt om lese-, skrive- og matematikkopplæring.
Vekting 25%

FP332 703 Norsk Individuell skriftleg eksamen, trekt målform
Tid: 5 timar
Vekting 50%

Pensum

Førebels pensumliste vil liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlista ligg på heimesida til norskfaget.