Obligatorisk fag i 3-årig førskulelærarutdanning. Rammeplan av 2003.
1. studieår: 12 studiepoeng
Studiet i fysisk fostring skal gi studentane kunnskap om barns vekst og utvikling, særleg knytt til bruk av utemiljø. Med bakgrunn i denne kunnskapen skal studentane tileigne seg føresetnader for korleis ein kan planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for barn til ulike årstider .
FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og oppvekst (6 sp)
- Barns fysiske og motoriske utvikling
- Få kunnskap og erfaring om naturen som læringsarena (haust)
- Planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar for barn både inne og ute
- Sikring/tryggleik
2. semester: Naturen som læringsarena (6 sp)
- Få kunnskap og erfaring om naturen som læringsarena (vår)
- Kunnskap om eigen fysisk trening og ergonomi
- Observere og vurdere barns aktivitet og fysisk aktivitetsmiljø
- Skapande og ekspressive aktivitetar i ulike miljø
- Vanntilvenning og førstehjelp
Eit emne kan arbeidast med i ulike semester
Studiet er organisert med vekesamlingar i Sogndal og studiegrupper lokalt. Arbeidsformer på samlingane er førelesingar, studentaktive- og problembasertelæringsformer med arbeid individuelt og i grupper. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta, og læringsplattforma er Classfronter. Mellom samlingane ligg aktiv bruk av lokale studiegrupper og undervisninga vil i større grad enn elles leggje til grunn at det vert arbeidd etter einplan mellom samlingane. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar og mellom studentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing).
Teoretisk innsikt og opplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei skal planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn, både inne og ute.
I studiet er mapper elektoniske, om ikkje anna er sagt.
20 veker praksis integrert i fagstudiet over fire studieår. Sjå eigen plan for praksis.
- Obligatorisk frammøte til samlingane i Sogndal
- Arbeid i lokale grupper
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Greidd praksis
1. semester:
- Ei individuell skriftleg oppgåve
2. semester:
- Tverrfagleg pbl- arbeid med tema leik (fysisk fostring, pedagogikk, estetiske fag/musikk og naturfag m/miljølære)
- Godkjent hjerte lunge redning (HLR)
1. studieår, vårsemester:
FP332 300 Individuell praktisk-metodisk heimeeksamen med munnleg
eksaminasjon i etterkant.
Vekting: 100%
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.